I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, på Stord, i Haugesund og på Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du følge linken www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Haugesund sjukehus har ledig ein fast stilling som overlege i kardiologi frå april 2021, tidspunkt kan evt endrast etter avtale.
Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkl. barn og nyfødd), kirurgi (inkl. føde/gyn og fertilitet), psykisk helsevern og medisinsk service (inkl.radiologi, klinisk kjemi og patologi). Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nefrologi, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi og geriatri. Det er og nyleg søkt om godkjenning innan blodsjukdommar.
Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar.
Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga som igjen er ein del av medisinsk klinikk. Det er pr i dag 16 sengeplassar som er regna under fagområdet kardiologi, derav 6 sengeplasser regna til medisinsk intermediær overvaking (MIO). Totalt sett dekker seksjonen det aller meste av fagfelta innan hjartesjukdomar unntatt invasiv kardiologi og andre spesialiserte undersøkingar. Eininga har ansvar for innlegging av pacemaker i Helse-Fonna.
Det er stor aktivitet ved kardiologisk poliklinikk som har ansvar for utreiing og oppfølging av pasientar med hjartesjukdomar i regionen. Det er nyleg etablert hastepoliklinikk for å gje raskare forløp for pasientar med mistanke om koronarsjukdom. Det er eit godt fagleg miljø innanfor fagområdet kardiologi. Det er totalt 5 overlegestillingar der 4 av desse er besett av erfarne kardiologar. Det er fleire legar i utdanning innan indremedisin og kardiologi. Det er tett samarbeid med spesialsjukepleiarar innan kardiologi og intensiv. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vera del av stillinga.
Andre opplysningar