Vil du bli med oss inn i det nye helsehuset på Hareid, med fantastisk utsikt over fjorden og Sunnmørsalpane?

Vi har ledig to 100% stillingar som fastlege. Stillingane er faste, og startdato blir etter nærare avtale.

Hareid kommune har seks heile legestillingar/legeheimlar, der fire er sjølvstendig næringsdrivande. Dei ledige stillingane har listetak på 600/950, med opning for individuell tilpassing. Eine stillinga er i dag kombinert med 50% stilling som sjukeheimslege. Det er aktuelt med kommunale oppgåver, slik som smittevern, helsestasjon, helsestasjon for ungdom og kommuneoverlege.

Legesenteret flyttar inn i nytt og moderne helsehus i løpet av mars månad. I helsehuset vil du også finne helsestasjon, NAV, fylkestannlege og bibliotek. Legesenteret har dyktige helsesekretærar som støttepersonell. Det er eit godt samarbeid med kommunale helsetenester som psykisk helse- og rus, sjukeheim, heimetenesta og helsestasjon. 

I legetenesta er det godt samarbeid. Det er arbeidsdagar med høve til faglege diskusjonar og rettleiing, med fokus på å yte tenester av god kvalitet. Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver, der det er rom for å fordele kommunale legeoppgåver etter interesse- og kompetanseområde. 
Frå 2021 er Hareid kommune medeigar i Hareid legesenter AS, og det er inngått avtalar med gode økonomiske vilkår.

Arbeidsoppgåver
Kurativ praksis og kommunale oppgåver. Fordeling av kommunale oppgåver mellom dei seks legane vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde. Kommuneoverlege/medisinskfagleg rådgjevar er også aktuelt om ønskjeleg, anten i kombinasjon som fastlege eller i lag med andre kommunale oppgåver.

Saman med Ulstein kommune har vi per d.d 14-delt interkommunal legevakt med hjelpepersonell på ettermiddag, kveld og helg. Det er interkommunal 35-delt nattlegevakt i lag med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande.

Kvalifikasjonar
Søkjar må fylle kompetansekrav jf. Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten 
Du meistrar skandinaviske språk godt, skriftleg og munnleg og har god digital kompetanse. 

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Løynings- og utviklingsorientert
  • Fleksibel og initiativrik
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr
  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Rettleiing  av spesialist i allmennmedisin
  • Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin/samfunnsmedisin
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn og eventuelt alternativ til fastløn/driftsform etter nærare avtale med den enkelte lege
  • Rekrutteringstilskot på kr. 5000,- per månad

Andre opplysingar Søknader blir vurdert fortløpande. 
 
I samsvar med Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følgje.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Hareid kommune
Hareid legesenter AS / Sektor for velferd
Kontaktperson
Navn: Helga Bøe
Tittel: Konstituert kommunalsjef
Telefon: 92 83 27 86
E-post: helga.boe@hareid.kommune.no
Arbeidssted
Hareid helsehus
Kjøpmannsgata 16
6060 HAREID