Kort om arbeidsgiver
Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.
Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre.
Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene. Det er difor viktig at du er fleksibel, tek ansvar, viser initiativ og kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø.
Den ledige heimelen har eit listetak på 1000 pasientar.
Kommunen har til saman seks fastlegeheimlar og ein LIS1, alle er lokalisert ved Surnadal legesenter.
Legesenteret blir drive som eit DA, med fine funksjonelle lokale lagt til sentrum av bygda og har tilknytt hjelpepersonell.
Som fastlege arbeider du som sjølvstendig næringdrivande etter ein såkalla "nullavtale" (ASA 4310 pkt 8.2).
Arbeidsoppgåver
Surnadal kommune deltek i interkommunal legevaktordning lokalisert ved St.Olavs hospital, Orkdal sjukehus.
Ein må rekne med 2-3 vakter i månaden, samt legevakt på dagtid ved Surnadal legesenter ca ein dag pr. veke.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere spesialit i allmennmedisin. Ikkje-spesialistar som er godkjent allmennlege, kan søkje dersom kriteria om overgangsordningar omtala i "Forskrift for spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger (spesialistforskriften)", er tilstades. Norsk autorisasjon som lege, rekvisisjonsrett, refusjonsrett frå Helfo og norskkunnskapar på eit høgt nivå er påkrevd.
Søkjarar som har fullført LIS1 og som ikkje har starta spesialisering i allmennmedisin, må forplikte seg til å starte spesialisering snarast etter tildeling av heimel. Kommunen vil vere med å legge forholda til rette for at spesialiseringa kan gjennomførast.
Tilsettingsvilkår
Tilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov- og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter Forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen.
Det blir krevd politiattest av den tilsette og attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi tilbyr
Gode arbeidsforhold i moderne lokale- Flyttegodtgjering etter reglane i kommunen sin personalplan. Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad. Det er god barnehagedekning i kommunen.
Søknad sender du på epost til: post@surnadal.kommune.no