Kort om arbeidsgiver
Omtale av arbeidsstaden
Sauherad legesenter er eit akkurat passe stort legesenter med 5 legeheimlar og 1 turnuslege. 2 av fastlegestillingane er no ledig, og kommunen ynskjer å tilby gode arbeidsvilkår og fastlønn. Dersom det er ynskje om drift som sjølvstendig næringsdrivande, vil kommunen legge til rette for dette. Heimlane har listetak på 1250 og 900 pasientar.

Kommunen kan tilby:
Ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
I løpet av 2021 nye og moderne lokale.
Dyktige og erfarne helsesekretærar.
Kommunen stiller med alt nødvendig utstyr, lokale, drift av hjelpepersonell osv.
Det blir lagt til rette for veiledning og spesialisering.
Sjanse til å delta i utvikling av eigen arbeidsplass med hyggelege og engasjerte kollegaer.
 
Arbeidsoppgåver
Allmennpraksis etter gjeldande retningslinjer og sentrale og lokale avtaler.  
Deltaking i kommunens legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid mellom Midt-Telemark, Notodden og Hjartdal, med
bemanna legevaktsentral på Notodden.
Ved privat avtale om fastlegedrift med kommunen, vil den som mottek stillinga også forplikte seg til
offentleg legearbeid i inntil 7,5 timer per veke etter kommunalt behov.
 
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søkjer me spesialist i
allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel. 
Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, og i tillegg vil personlege eigenskapar og gode
samarbeidsevner vektleggast spesielt
Søkjarane må ha førerkort kl B, og kunne stille bil til disposisjon.
 
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Løn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår(tilplikting inntil 7,5t. pr. veke) etter gjeldande lov og avtaleverk for eventuelle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar. Det vil ikkje være krav om innskudd/investering i heimel.
 
Løn i kommunal stilling
Du vil få tilbod om gode løns –og arbeidsvillkår som tilsett i legeheimel med fastløn. Du vil i tillegg få ein prosentandel av Helfo-refusjon.
 
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unntatt offentleggjering. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjarar som
har bede om unntak frå offentleggjering dersom dette ynskjet ikkje kan imøtekommast.
 
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet
 
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
 
Vi råder til å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du
kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg
å mellomlagre søknaden.
 
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med
kvittering om at søknaden er mottatt.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Kontaktpersoner
Navn: Jørund Verpe
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 90635444
Navn: Kristin Sekse
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 97699207
Navn: Solveig Tangen Nielsen
Tittel: Fastlege og tillitsvald
Telefon: 95925794
Arbeidssted
Gvarv legesenter
Gvarvgata 69
3810 GVARV