Haukeland universitetssjukehus etablerer no delte overlegestillingar i kardiologi mellom Hjarteavdelinga og Mottaksklinikken.
Vi ønskjer søknad frå deg som er kardiolog, eller som har kort tid igjen til spesialisering. Tilsetjingforholdet kan anten vere kontrakt i 100% stilling på Mottaksklinikken med avtale om teneste på Hjarteavdelinga eller tilsetjingsforholdet kan vere delt etter ein avtalt stillingsandel ved begge avdelingane. Minimum 50% av stillinga og vakttenesten vil vere i Mottaksklinikken.
Kvar stilling vil vere tilpassa den enkelte søkjars kompetanse og situasjon. Du vil få arbeide i eit tverrfagleg spesialistmiljø i Mottaksklinikken samtidig som du får arbeide og utvikle kompetansen din i Kardiologi. Vi ber om at du i søknaden beskriv dine interesseområde både innan områda Mottaksklinikken dekkjer òg innan kardiologi.
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ein spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikke-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Behandlingsmetodane er i kontinuerleg utvikling og forskingsaktiviteten er høg.
Mottaksklinikken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgeiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit overordna ansvar for primærvurdering/triage samt oppfølging av paisentar med høg hastegrad. Korttidsposten med brystsmerteeininga er ein observasjonspost for pasientar med avklarte problemstillingar og kort forventa liggjetid.
Diagnostisk Senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøysle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk. I tillegg har vi ein eigen eining for forsking og utvikling.