Kort om arbeidsgiver

Avdeling for medisin og døgnopphold ved Kristiansund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering (LIS) innan fordøyelsessjukdomar. Oppstart etter avtale.

Det planlagt opplæring i gastroenterologiske prosedyrar inkludert gastroskopi og koloskopi. Kristiansund sjukehus deltar i nasjonalt screeningsprogram for tarmkreft. Etter opplæring i koloskopi vil ein kunne få oppgåver knytta til screening av kolorektalcancer. Vi vil sørge for at legen tilegner seg læringsmål og ferdigheiter både innanfor gastroenterologi og andre indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet óg innanfor generell indremedisin. LIS 2/3-legar deler sekundærvakta, men i forbindelse med opplæring knytta til screeningsprogrammet for tarmkreft, vil det vere mogelegheit for heilt eller delvis vaktfritak i ei periode.

Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar og geriatri. Avdelinga har òg ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak. 

Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og nefrologi. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU.   

 

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Arbeidsoppgåver

  • Visittgang sengepost 
  • Polikliniske konsultasjonar inkl. opplæring i gastroskopi og koloskopi
  • Akuttmedisin/ mottaksarbeid 
  • Mogelegheit til deltaking i vaktordning 

Kvalifikasjonar

  • Norsk legeautoriasasjon 
  • Fullført  LIS1-tjeneste 
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og lærevillig  
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt 
  • Du har stor evne til å kunne arbeide tverrfagleg 

Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit breitt indremedisinsk fagmiljø 
  • Opplæring i eit stort utvalg av indremedisinske prosedyrar og læringsmål 
  • Eit hyggeleg kollegium med tett samarbeid mellom ulike fagområder
  • Aktiv internundervisning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd 

Vi ber om at attester og vitnemål skannes og lastes opp som vedlegg til din CV.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Åge Austheim
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 950 80 704
E-post: Age.Austheim@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund