Kort om arbeidsgiver
Ønsker du å bidra til betre pasienttryggleik? Vi ønskjer oss ein samfunnsengasjert lege med erfaring frå somatisk spesialisthelsetjeneste og interesse for helserettsspørsmål, kvalitetsstyring og pasienttryggleik.

Statens helsetilsyn kan tilby spennande og meiningsfulle oppgåver med faglege problemstillingar i nært samarbeid med kollegaer med bl.a. helsefaglig, juridisk og samfunnsvitarkompetanse. Du vil få anledning til å jobbe på tvers i organisasjonen, og bli godt kjent med de ulike avdelingane, fagmiljøa og det viktige samfunnsansvaret til Statens helsetilsyn.  

Stillinga er for tida  plassert i avdeling for varsel og operativt tilsyn. Avdelinga tek imot varsel om alvorlege hendingar frå heile landet og undersøker desse hendingane på ulike måtar. Varselordninga omfattar alle som yter helse- og omsorgsteneste, både spesialisthelseteneste, kommunal helse- og omsorgsteneste, og private aktørar.

Varselordninga omfattar og varsel frå pasient/brukar og pårørande. Vidareutvikling av samhandlinga med fylkesmannen vil inngå i stillinga, og å understøtte verksemdene sitt ansvar for forsvarlege tenester og pasienttryggleiksarbeid. Vi ser spesielt etter deg som er opptatt av fagleg utvikling, og som er fleksibel og målorientert med stor arbeidskapasitet.

Stillinga kan kombinerast med anna relevant praksis.   

Arbeidsoppgaver
  • Handtering av varsel om alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesten
  • Gjere helsefaglege vurderinger i tilsynssaker
  • Vidareutvekling av metodar for tilsyn.
  • Informasjon og rådgjeving til pasientar, brukare, pårørande og helse- og omsorgstenesten
  • Foredrag og anna utadretta verksemd
  • Oppsummering og formidling av erfaringar frå tilsyn
Naudsynte kvalifikasjonar:
  • Spesialistgodkjenning i indremedisin og klinisk erfaring frå somatisk
    spesialisthelseteneste. Søkare med andre spesialiteter kan også komme i betrakting
  •  Brei og/eller lang erfaring fra spesialisthelsetjenesten; fortrinnsvis frå  medisinske avdelinger
  •  Erfaring med arbeid med pasienttryggleiks- og kvalitetsarbeid
Ønskte kvalifikasjonar:    
  • Erfaring med leiing   
  • Erfaring med forsking
  • Erfaring med tilsyn og tilsynsarbeid 
  • Erfaring med kommunehelseteneste og /eller offentleg forvalting
Personlige egenskaper
  • Stor arbeidskapasitet med evne til framdrift og gjennomføring
  • Fleksibel med gode samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Strukturert 
  • Målorientert
  • Gode analytiske eigenskaper. 
Vi tilbyr

Løn i spennet 1.040000-.1.100000,-. For særs godt kvalifiserte kandidatar kan høgre lønn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Statens helsetilsyn har sentrale lokale i Oslo med eiga kantine, eiga sykkelgarasje med tilhørande garderobe og trimrom som det er høve til å nytte ein time per veke i arbeidstida. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten).

Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og at det blir lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Statens helsetilsyn er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA).

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Originalar/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.-
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Statens helsetilsyn
Avdeling for varsler og operativt tilsyn
Kontaktpersoner
Navn: Anders Haugland
Tittel: Fung.avdelingsdirektør
Telefon: 21529900
E-post: alh@helsetilsynet.no
Navn: Bjørn Øglænd
Tittel: Fagsjef
Telefon: 21529864
E-post: bjo@helsetilsynet.no
Arbeidssted
Oslo
Møllergata 24
0179 OSLO