Kort om arbeidsgiver

Er du lege med interesse for allmennmedisin og erfaring frå legevaktsarbeid? Har du lyst til å vere med på å styrke framtidas helsetilbod for sjøfolk? Då er det kanskje deg vi ser etter. Det er ledig 2 stillingar ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin tilknytt Noregs telemedisinske legevaktteneste for sjøfolk, Radio Medico.

-   Fagansvarleg overlege Radio Medico 100% (fast)
-   Maritim lege med vakt i Radio Medico 100% (midlertidig til 01.09.2021)

NSMDM er eit nasjonalt kompetansesenter i Helse Bergen HF med formål om å fremje helse mwllom sjøfolk og dykkarar. Vi er 16 tilsette og driv m.a. undervising, rådgjeving, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, regelverksarbeid, seleksjonsmedisinske utgreiingar av dykkarar, samt drift av den telemedisinske legevakta til sjøs, Radio Medico.

Radio Medico er ei 24/7-teneste for sjøfolk som blir sjuke og treng medisinsk hjelp medan dei er til sjøs. Vi hjelper årleg rundt 1800 sjøfolk i tett samarbeid med hovudredningssentralane. Vaktarbeid i Radio Medico er for tida seksdelt, med heimevakt deler av døgnet. Stillinga som fagansvarleg overlege har ansvar for utvikling og forbetring av den faglege verksemda i Radio Medico. For begge stillingane vil arbeidsoppgåver inkludere prosjektarbeid, saksutgreiingar og undervising, i tillegg til vaktarbeid i Radio Medico. Det vil kunne leggjast til rette for forskingsarbeid.

Tiltreding etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Telemedisin – vaktarbeid i Radio Medico, den telemedisinske legevakta til sjøs   
  • For fagansvarleg overlege: Leie forbetringsarbeid/kvalitetsarbeid i Radio Medico og leie etablering av nytt kvalitetsregister for Radio Medico
    Undervising – halde førelesingar på maritimmedisinske kurs for legar, sjukepleiarar, sjøfolk med helseoppgåver mv.
  • Anna aktivitet – aktivt bidra med eigne erfaringar og kompetanse til å løyse senterets oppdrag i inn- og utland. Reiseaktivitet må påreknast 
  • Det er store moglegheiter for personleg utvikling i stillinga. Det vil kunne leggjast til rette for forskingsaktivitet på sikt
  • (Arbeidsoppgåver vil kunne endrast over tid, tilpassa senterets utvikling/behov og kompetansesamansetnaden i personellgruppa) 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som lege i Noreg
  • For fagansvarleg overlege: Brei klinisk erfaring, klinisk spesialitet og erfaring frå medisinsk forbetringsarbeid 
  • Kjennskap til maritim sektor (sjøfart, fiskeri, oppdrett mv.) eller erfaring frå helsetenester i eit kyst-/fiskerisamfunn vil telje positivt 
  • Evne til å uttrykkje seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk 
  • Forskingsinteresse og formidlingserfaring vil telje positivt 
  • Teknologisk interesse vil telje positivt

Personlege eigenskapar

  • Systematisk og resultatorientert 
  • Ansvarsbevisst med evne til gjennomføring 
  • Fleksibel og løysingsorinetert 
  • Gode kommunikasjonsevnar

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit for nybrottsarbeid 
  • Nødvendig opplæring
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • Lønn etter avtale 
  • Dersom søkjaren ønskjer å behalde ein 50% stilling i anna klinisk verksemd for å oppretthalde klinisk kompetanse, er vi opne for å sjå på moglegheiter for å leggje til rette for dette  
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Jon Magnus Haga
Tittel: Seksjonsleiar lege
Telefon: 90823355
E-post: jon.magnus.haga@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen