Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vil du vere med å byggje den beste klinikken?
Vi har ved revmatologisk seksjon underlagt Klinikk for Kreftbehandling og Rehabilitering ledige overlegestillingar innan revmatologi.
Ei stilling som overlege er ledig med tilsetting frå snarast mogleg, og ei stilling er ledig frå august 2021.
Revmatologisk seksjon har fylkesdekkande funksjon og er det einaste revmatologiske tilbodet i Møre og Romsdal fylke. Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdomar, bindevevssjukdomar og vaskulittar. Seksjonen har sengepost og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som revmatolog med nyutreiing og kontrolloppfølging i poliklinikk
- Vaktarbeid (08-16) og beredskap for sengepost (16-22)
- Sengepostansvar som rullerar mellom overlegane og involverar tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut
- Praktisk arbeid med leddinjeksjonar og ultralyd av muskel-skjelettapparatet
Kvalifikasjonar
- Du er overlege med godkjent spesialitet innan revmatologi
- Du behersker norsk godt, både skriftleg og muntleg
- Du er ansvarsbevisst
- Du forheld deg lett til pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du deler gjerne kunnskap med andre
- Det er ein fordel med Phd, forskningskompetanse
- For stillinga blir det vektlagt personleg eignaheit
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsegenskapar
- Du trivast i eitt aktivt og travelt miljø
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evnen til å jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår