Kort om arbeidsgiver
Ved Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon, er det ledig 1-3 midlertidige stillingar (kvar på 20%) i tre år som overlege ved Klinisk forskingspost.   
 
Ved forskingsposten blir det gjennomført kliniske behandlingsstudiar, og posten har i dag ni sjukepleiarar, ei helsesekretær og tre overlegar. Arbeidet ved klinisk forskingspost blir utført i tett samarbeid med forskarar/legar ved alle sjukehusets kliniske avdelingar. Forskingsposten har for tida auka pågang av nye kliniske studiar mellom anna i samband med nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking.
 
Dei ledige deltidsstillingane som overlege ved Klinisk forskingspost er knytt til satsinga IMPRESS-Norway, ein stor nasjonal studie om presisjonsmedisin mot kreft. Prosjektet er finansiert via nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking. Oslo universitetssjukehus leder prosjektet. Prosjektet startar våren 2021, og inneberer utprøving av såkalla «off-label-medikament» i behandlinga av unike kreftsjukdomar basert på individuelle og utvida genanalysar av deltakarane. IMPRESS-Norway er planlagd avslutta innan utgangen av 2023.
 
Vi søkjer etter overlege(r) i Helse Bergen med engasjement og kompetanse til å styrkje satsinga IMPRESS-Norway. Tilsetjing frå april/mai 2021. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i og handtere det daglege arbeidet i IMPRESS-Norway. Dette vil også omhandle studieoppfølging, slik at den blir gjennomført og rapportert i samsvar med utprøvingsplanen standard operasjonsprosedyrar (SOP), gjeldande retningsliner for god utprøvingspraksis (GCP) og gjeldande norsk lovgjeving
  • Fungere som kontaktperson for kliniske einingar som har pasientar i IMPRESS-NORWAY, både i Helse Bergen HF, Helse Fonna HF og Helse Førde HF
  • Delta i eit team som inkluderer dei lokale medlemene av styringskomiteen for IMPRESS-Norway, samt utprøvingseiningane i Helse Bergen
  • Arbeide tett med legespesialistar i tilsvarande IMPRESS-Norway-stillingar ved dei andre universitetssjukehusa, og danne eit nasjonalt nettverk saman med dei
  • Den som blir tilsett blir oppmoda om å setje opp eigne behandlingsstudiar i IMPRESS-Norway, og leggje til rette for at den kliniske moderavdelinga eller andre kliniske einingar kan delta i IMPRESS-Norway
  • Ytterlegare informasjon om studien finn ein her: Les meir     

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon/lisens og godkjenning som legespesialist i Noreg
  • Det er ønskjeleg at ein allereie ha ei overlegestilling ved ei klinisk eining i Helse Bergen
  • Legespesialistar (gjerne med doktorgrad) i eit fagområde som behandlar kreft er ønskjeleg, til dømes indremedisin (blodsjukdommar, lungesjukdommar), onkologi eller gynekologi
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå praktisk forskingsarbeid og kliniske studiar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Engasjert
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevnar, omgjengeleg
  • Fleksibel og vere eigna til jobbens krav
  • Gode kommunikasjonsevnar

Vi tilbyr

  • Stimulerande og aktivt arbeidsmiljø med høg tverrfagleg fagkompetanse
  • Nødvendig opplæring
  • Lønn etter avtale
  • Tilsetjing i andre stillingsprosentar enn 20% er også av interesse
Stillingskategori
Forsker
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Renate Grüner
Tittel: Forskingsdirektør
Telefon: 48110677
E-post: eli.renate.gruner@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Forskings- og utviklingsavdelinga/ Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen