Kort om arbeidsgiver
Om stillingane
Statsforvaltaren si helse-, sosial- og barnevernsavdeling har til oppgåve å sakshandsame enkeltsaker og utføre tilsyn med kommunar, føretak og institusjonar. Avdelinga skal gi råd og rettleiing, drive utviklingsarbeid og opplæring samt gjennomføre nasjonale mål.
Vi jobbar på oppdrag frå mellom anna Helsedirektoratet og Statens Helsetilsyn.

 
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ledig ei ny fast stilling og eit vikariat t.o.m. 31.03.2022 aom assisterande fylkeslege.
 
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsoppgåver er å 
  • sakshandsame klage- og tilsynssaker
  • gi informasjon og rettleiing til helsepersonell og helsetenestene i fylket
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss medarbeidarar som 
  • har medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege
  • har erfaring frå klinisk eller samfunnsmedisinsk arbeid
  • har godkjent legespesialitet
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
  • likar å finne løysingar og kan arbeide godt så vel åleine som i lag med andre
  • er fleksibel, initiativrik og systematisk
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg på begge målformer
Vi tilbyr
  • lønn som assisterande fylkeslege, kr 840 000  - 1 000 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • varierte, interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • samarbeid om god oppgåveløysing med høgt kompetente medarbeidarar i avdelinga og i embetet
  • teneste som assisterande fylkeslege vert rekna inntil fire år som teljande for spesialiteten samfunns medisin og som sideutdanning for andre spesialitetar. Det blir lagt til rette for deltaking i spesialistutdanninga i samfunns medisin.
  • hjem - jobb - hjem ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillingane.
Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.
 
Spørsmål om stillingane
Du får nærare opplysningar hos fylkeslege Janne Dahle-Melhus, tlf. 51568760, fmrojdm@statsforvalteren.no
Stillingskategori
Offentlig lege
Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga
Kontaktperson
Navn: Janne Dahle-Melhus
Tittel: Fylkeslege
Telefon: 51 56 87 60
E-post: fmrojdm@statsforvalteren.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Lagårdsveien 44
4010 STAVANGER