Kort om arbeidsgiver
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.
I samband med at legesenteret i Sykkylven vert kommunalt frå 01.07.2021, søkjer vi to dyktige spesialistar innan allmennmedisin, som vil vere med og styrke legetenesta og helsetilbodet til innbyggarane.
Vi søkjer fastlegar som vil bidra til å skape ein god og attraktiv arbeidsstad, med eit sterkt fagmiljø. Kommunen legg til rette for fleksibel driftsform: næringsdrivande eller kommunal tilsetting. Stillingane/ heimlane har i utgangspunktet 1000 listepasientar.
Arbeidsstad:
Legesenteret er lokalisert sentralt i Sykkylven. Senteret er godt utstyrt, har eige laboratorium og nyttar CGM Allmenn journalsystem. Kommunen har eit mål om å ha 8 legestillingar og LIS1 lege. Det er eit stabilt og kompetent hjelpepersonell ved legekontoret.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis ved legesenter med legevakt og evt. offentlege allmennmedisinske oppgåver.
Sykkylven kommune har i dag lokal legevakt levert av privat tilbydar. Frå 01.07.2021 planlegg kommunane Stranda og Sykkylven å starte opp ei ny interkommunal legevakt med eigne tilsette legevaktslegar i tilknytning til det kommunale legesenteret i Sykkylven
Kvalifikasjonar:
- Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
- Fullført spesialistutdanning i allmennmedisin, men legar under spesialisering vil også verte vurderte
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Vi søkjer tolmodige og empatiske fastlegar som har stor respekt for pasientane og deira rettar og behov.
- Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons - og framstillingsevner
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
- Gode lønnsvilkår
- Høve til å bidra til å bygge opp eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
-Obligatorisk tenestepensjonsordning
-Gunstige låneordningar
-Gode forsikringsordningar
Søknad:
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du sender elektronisk søknad. Vi ønskjer at det vert oppgitt minst to referansar i søknaden. Attestar og vitnemål kan leggast ved søknaden, og må leggast fram ved evt intervju.