Bedriftshelse1 er ein lokal leverandør av førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Bedriftshelse1 er offentleg godkjent bedriftshelseteneste med avdelingar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre. Vi er 55 medarbeidarar og hovudkontoret ligg i Sogndal.

Eit av kontora til Bedriftshelse1 er lokalisert ved Hydro Aluminium Årdal Metallverk i Årdal Kommune, innerst i Sognefjorden. Her ligg inngangsporten til Vest-Jotunheimen, med tilgang til ville og vakre Utladalen og stortoppane i Hurrungane. Området gir flotte mulegheiter for friluftsaktivitetar både sommar- og vinterstid, og kommunen har svært gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Metallverket har omkring 540 fast tilsette, og  i tillegg har Hydro senter for teknologiutvikling lokalisert i Årdal, med omkring 100 tilsette.

Bedriftslege
Vi har ledige 100% fast stilling som bedriftslege ved vårt kontor i Årdal i Sogn.
Størstedelen av stillinga blir nytta opp mot Hydro Aluminium sitt anlegg i Årdal og deira underleverandørar.  
Stillingane krev at du har:
Høg arbeidskapasitet, er initiativrik og motivert
Arbeidsoppgåver:
Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver
  • Målretta helsekontrollar/helseundersøkingar
  • Arbeide med eit bredt spekter av arbeidsmedisinske faktorar, i nær samhandling med kundar, arbeidsgjevar og tilsette.
  • Bevisstgjering og tilrettelegging for å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø, både på organisatorisk, gruppe- og individnivå
 
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege, gjerne med erfaring frå bedriftshelseteneste/HMS-arbeid
  • Kan vere spesialist i arbeidsmedisin/allmennmedisin
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeid– og kommunikasjonsevne
  • Evne til å jobbe i team, vere engasjert og initiativrik
  • Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø
 
Må ha førarkort og bil til disposisjon, noko reiseaktivitet må påreknast.
Vi kan tilby:                                                                                                                                                   
  • Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver med høgt fagleg fokus
  • Tverrfagleg, spennande og godt arbeidsmiljø med fleire andre bedriftslegar
  • Fagleg oppdatering/vidare- og etterutdanning
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og stor fleksibilitet i utforming av arbeidsdagen. Opplæring blir gitt
  • Lønn og andre vilkår etter avtale, fri laurdag og søndag
 
Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast Bedriftshelse1, Fossetunet1, 6856 Sogndal eller til post@bedriftshelse1.no.
Spørsmål om stillingane kan rettast til regionleiar Anders Otto Plassen  tlf: 95 92 46 28 eller adm.direktør Randi Marie Sjøholt tlf: 95 23 58 74.
Søknadsfrist: 28.02.2021
Stillingskategori
Bedriftslege
Arbeidsgiver
Bedriftshelse1
Årdal
Kontaktpersoner
Navn: Anders Otto Plassen
Tittel: Regionleiar
Telefon: 95924628
E-post: anders.otto.plassen@bedriftshelse1.no
Navn: Randi Marie Sjøholt
Tittel: Adm. dir
Telefon: 95235874
E-post: randi.marie.sjoholt@bedriftshelse1.no
Søknad
Søknad merkes: Bedriftslege
Søknad sendes: Bedriftshelse1
Fossetunet 1
6856 SOGNDAL

Send søknad på mail
Arbeidssted
Årdal i Sogn og Fjordane
Verksvegen 1
6884 ØVRE ÅRDAL
Søk på stillingen