Kort om arbeidsgiver

Hudavdelinga i Helse Førde har frå 19.04.2021 ledig vikariatstilling som LIS 3 i hud
og veneriske sjukdommar.

Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar fordelt på ulike lokalisasjonar i Sogn og Fjordane. Poliklinikkane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, ISP i Sogndal og SMS i Florø. Den største poliklinikken
er på Førde Sentralsjukehus, og dette er hovudarbeidsstad.

Alle einingane driv lysbehandling og dei desentraliserte poliklinikkane har legedagar to dagar per månad. Avdelinga har og
eigen telemedisinsk poliklinikk i Audnedal.
Avdelinga har tre overlegar, ein konstituert overlege og ein LIS 3. 

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  

Arbeidsoppgåver

  • Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i det geografiske området Sogn og Fjordane innan fagområdet Hud og veneriske sjukdommar.
  • Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling  av ulike maligne og premaligne tilstandar i huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre kirurgiske inngrep mm.
  • Avdelinga brukar og videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Gode oppvekstvilkår for born
  • Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv
  • Førde har og eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingvild Helgheim Hatten
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 57839362
Navn: Trude Lindesteg
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 57839362
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Hud avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde