Kort om arbeidsgiver

Har du lyst på ein kjekk og utfordrande jobb innan rusmedisin? Vi har den perfekte jobben til deg. 

Rusbehandling TSB Molde søker etter overlege i rusmedisin/psykiatri eller LIS som ønsker spesialisering i rusmedisin. 

Rusbehandling TSB Molde er ein del av avdeling TSB i Helse- Møre og Romsdal. Avdelinga består av fem seksjonar lokalisert i Molde og Ålesund som dekker behovet for avrusing, døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Målgruppa er pasientar som har avhengigheit til illegale og legale rusmiddel, anabole steroider og pengespel. Vi tilbyr også hjelp til pårørande med eigen pasientrettigheit. Avdelinga har ansvaret for LAR behandling i Møre og Romsdal. 

Legeteamet ved avdelinga består av overlegar og LIS fordelt på Molde og Ålesund. Det er tett samhandling i legeteamet. 

Avdelinga er opptatt av forskning for å kunne gi pasientgruppa den mest optimale og evidensbaserte behandlinga.

Vi er opptatt av brukarmedverknad og familie/pårørande i behandlinga.

Hos oss kan du jobbe med tilbakefallsforebygging, traumebehandling, gruppebehandling, undervisning, legemiddelassistert rehabilitering, somatisk helse, fysisk aktivitet og samhandling med øvrig hjelpeapparat. Vi har eit spennande fagområde som er i stadig utvikling. 

Arbeidstid dagtid, for tida ingen vaktordning.

Arbeidsoppgåver

  • Pakkeforløp
  • Diagnostikk
  • Medikamentvurderingar
  • Behandlermøter
  • Utgreiing 
  • Pasientansvarlig lege i behandlingsforløp 
  • Tverrfagleg samarbeid og anna pasientretta arbeid
  • Undervisning

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både eksternt og internt
  • Du har stor evne til å kunne arbeide tverrfagleg
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Eit spennande og interessant fagfelt
  • Eit tverrfaglig miljø med kvalifiserte og engasjerte kollegaer 
  • Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Berit Øksenvåg-Risbakken
Tittel: Seksjonsleiar Langtids døgn rusbehandling TSB Molde
Telefon: 41200764
E-post: Berit.Oksenvag-Risbakken@helse-mr.no
Navn: Ann Kristin Lillebostad Hovden
Tittel: Seksjonsleiar Poliklinikk rusbehandling TSB Molde
Telefon: 91875413
E-post: Ann.Kristin.Lillebostad.Hovden@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Strandgata 1
6415 Molde