Kort om arbeidsgiver
Stranda og Sykkylven startar opp ny interkommunal legevakt 1.7.2021 i tilknytning til det kommunale legesenteret i Sykkylven.
For Stranda dekker legevakta Stranda kommune utanom bygdelaga Liabygda og Geiranger.

3 x 100 % legestillingar i fleksibel turnusordning. Utgangspunktet er 1 veke tilstades og 2 veker fri.

 
Om stillingane:
Legevakta har kontorlokale ved Sykkylven legesenter, som ligg sentralt i Sykkylven.
Legevakta skal sikre gode tenester når det oppstår behov for akutte helsetenester på ettermiddag, kveld og natt, helgar og høgtider heile året. Legevaktslegen er i tillegg til arbeid inne på legevakta også ute på enkelte sjukebesøk. Kontoret skal ha sjukepleiar på ettermiddag (16-23) og helg /høgtid (10-22). Legevakta arbeider i nært samarbeid med AMK og er ein del av naudnettet.
 
Vi er opptatt av å yte gode tenester til innbyggjarane, og er derfor også opptatt av fagutvikling blant tilsette ved legevakta. Trening i akuttmedisin og samtrening med ambulanse er område som skal gjennomførast. Vi ønskjer å ta i bruk ny teknologi i legevakttenesta. Det kan til dømes i større grad bli aktuelt å nytte video-, ekonsultasjonar og velferdsteknologi der dette er hensiktsmessig, i pasientkontakt og mot andre aktørar. Legevakta brukar for tida CGM legevaktsmodul.
 
Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å strekke seg litt ekstra for pasientane for å sikre høg kvalitet på legevakttenesta. Vi ønskjer å bygge eit team som i tillegg til sine faglege kvalifikasjonar, ønskjer å bidra aktivt i arbeidsmiljøet som positive bidragsytarar.

Kvalifikasjonar/vaktkompetanse legar: 
  • Spesialist i i allmennmedisin/ akuttmedisin
  • Legar som har vakt aleine må anten vere spesialist i allmennmedisin eller ha gjennomført 30 månadars klinisk teneste etter grunnutdanningen (cand.med eller norsk autorisasjon). Legen må i tillegg, eller som del av tenesta, ha gjennomført 40 legevakter eller ha arbeidd ett år som allmennlege i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
  • Søkjarar som oppfyller kompetansekrav for å gå legevakter utan bakvakt vil bli prioritert

    For stillingane krevs:
  • Kurs i akuttmedisin og kurs i volds- og overgrepsmottak.
  • Førarkort klasse B
  • Dersom eit anna morsmål enn skandinavisk, må søkjar dokumentere språkleg nivå skriftleg og munnleg tilsvarande C1.

Personlege eigenskapar:
  • Tolmodig og empatisk og har stor respekt for pasientane og deira rettar og behov
  • Genuin interesse for allmenn- og akuttmedisin
  • Fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • God motivasjon
  • Personleg eignaheit vert vektlagt  
Vi tilbyr
  • Legevaktslege: kommunal tilsetting i ein kombinasjon av ei god fastløn og bonus av refusjonar.
  • Kan stille leilegheit til disposisjon
  • Sjukepleiar/spesialsjukepleiar lønast etter avtale
  • Avtale om bedriftshelseteneste
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
    -  Obligatorisk tenestepensjonsordning
    -  Gunstige låneordninga
    -  Gode forsikringsordningar
Søknad:
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling.
Vi ønskjer at det vert oppgitt minst to referansar i søknaden. Attestar og vitnemål kan leggast ved søknaden eller leggast fram ved evt intervju.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktpersoner
Navn: Geir Ove Vegsund
Tittel: kommunedirektør Sykkylven
Telefon: 90938465
E-post: geir.ove.vegsund@sykkylven.kommune.no
Navn: Åse Elin Hole
Tittel: Rådmann Stranda
Telefon: 464 11 002
E-post: ase.elin.hole@stranda.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven kommune
Haugneset 20
6230 SYKKYLVEN