Kort om arbeidsgiver
Ny full tids avtaleheimel for godkjend spesialist i augesjukdomar er ledig på Stord snarast.  
 
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Avtalepraksisen skal bli nytta til ordinære oftalmologiske problemstillingar (ikkje kataraktkirurgi eller injeksjonsbehandling).
 
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
 
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten føretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært og forpliktande fagleg samarbeid med Helse Fonna om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Fonna. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Fonna også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
 
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 936 840 (klasse 1) til kr. 1 395 300 (klasse 3).  
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.
 
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktperson
Navn: Helse Vest ved Torleiv Bergland
Tittel: Spørsmål om heimelen
Telefon: 51 96 38 22
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes: Helse Vest RHF
Posboks 303 Forus
4066 STAVANGER

Arbeidssted
Stord
5402 STORD