Vil DU bli vår kollega?
Vi søkjer ein avdelingssjef med engasjement for å vidareutvikle og samkjøyre pasienttilbodet innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar i Kristiansund og Molde sjukehus, samt til innbyggjarane i Møre og Romsdal.
I løpet av 2024/2025 vil Kristiansund og Molde sjukehus bli nedlagte som akuttsjukehus, og det blir etablert eit felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Samstundes opprettas SNR Kristiansund som eit sjukehus med poliklinikkar og dageiningar. Avdelingssjefen skal leie den obstetriske og gynekologiske aktiviteten på begge sjukehusa, og samstundes sikre at dei to fagmiljøa blir samkøyrde og klar for innflytting i nytt akuttsjukehus i 2024/2025. Med bakgrunn i kjerneverdiane i spesialisthelsetenesta skal avdelingssjefen for fødselshjelp og kvinnesjukdomar i Klinikk SNR medverke til at Helse Møre og Romsdal når strategiske mål ved å vere pådrivar for utvikling og styrking av fagområdet. Avdelingssjefen er saman med dei andre avdelingssjefane ein del av leiargruppa i klinikken, og skal ta et heilheitleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammer og verdigrunnlag.
Arbeidsstad: Molde og Kristiansund. Les meir om Molde og Kristiansund her.
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenestene til beste for innbyggarane i Møre og Romsdal. Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode høve for fagutvikling.
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.