Kort om arbeidsgiver
Spennande leiarstilling innan spesialisthelse

Seksjonssjef - spesialisthelse


Om stillinga


Helse-, sosial- og barnevernavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har ledig stilling som seksjonssjef for seksjon spesialisthelse, ved kontorstad Bergen.

Avdelinga har tre seksjonar og ansvar for rettleiing, tilsyn, behandling av klager og andre forvaltningsoppgåver innan helse, omsorg, sosial og barnevern. Fylkeslegen leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, sosial- og helsefag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon. Vi har brei kontakt med spesialisthelsetenester, kommunar og nasjonale styresmakter.

Vi søkjer etter ein seksjonsleiar som har god kjennskap til helse- og omsorgstenestene, erfaring og interesse for tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid. Vår nye seksjonsleiar må arbeide systematisk med tilsyn, vere løysingsorientert og ha gjennomføringsevne. Gode samarbeidsevner, evne til systematisk arbeid, fleksibilitet og omstilling blir vektlagt. Seksjonssjefen har personalansvar og ansvar for å løyse oppgåvene som ligg til seksjonen etter delegert mynde frå fylkeslegen og inngår i avdelinga si leiargruppe.


Kvalifikasjonar
  • medisinsk embetseksamen og autorisasjon som lege, helst med spesialistkompetanse frå spesialisthelsetenesta erfaring frå spesialisthelsetenestene
  • erfaring frå offentleg sektor/forvaltningsarbeid
  • erfaring frå eller god forståing for statleg forvaltning
  • kunnskap om helse- og velferdstenestene
  • leiarerfaring og/eller klåre syn og interesse for leiarskap

Personlege eigenskapar

Du må kunne
  • motivere og følgje opp medarbeidarane dine
  • leggje til rette for godt samarbeid internt i seksjonen og mellom seksjonane i avdelinga
  • grunngje og kommunisere prioriteringar, internt og eksternt
  • kople oppgåver og valde verkemiddel/arbeidsmåtar i dialog med leiargruppa og medarbeidarar
  • kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, skriftleg og munnleg
  • fullføre oppgåver innanfor fristar
  • samarbeide nært med leiargruppa

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1211 seksjonsleiar, frå kr 1.000.000 - 1.075.000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestland
Spesialisthelse
Kontaktpersoner
Navn: Helga Arianson
Tittel: Fylkeslege
Telefon: 970 33 108
E-post: fmhohar@statsforvaltaren.no
Navn: Sjur Lehmann
Tittel: Seksjonssjef
Telefon: 55 57 22 18
E-post: fmhosle@statsforvaltaren.no
Arbeidssted
Bergen
Kaigata 9
5015 BERGEN