Kort om arbeidsgiver
Er du lege, og ønskjer nye utfordringar?

Assisterande fylkeslege



Om stillinga

Vi har ledig fast stilling som assisterande fylkeslege i helse-, sosial- og barnevernavdelinga vår.

Avdelinga har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med barnevern, helse-, omsorg- og sosialtenestene. Avdelinga har brei kontakt med kommunar, spesialisthelstenester og nasjonale styresmakter. Vi behandlar enkeltsaker og fører tilsyn med kommunar, helseføretak og institusjonar, gir råd og rettleiing og medverkar til gjennomføring av nasjonale mål.

Fylkeslegen leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, sosial- og helsefag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon.

Avdelinga har tre seksjonar og kontorstader på Leikanger og i Bergen.
Stillinga er knytt til seksjon spesialisthelse med kontorstad i Bergen.

Arbeidsoppgåvene omfattar medisinskfaglege vurderingar i enkeltsaker og klager, tilsyn med helse- og omsorgstenester og råd og rettleiing til tenestene, helsepersonell og enkeltpersonar. Oppgåvene blir tilpassa kompetansen til den som får stillinga og den samla faglege kompetansen i avdelinga. Arbeidet er variert og i stor grad tverrfagleg.


Kvalifikasjonar
  • medisinsk embetseksamen og autorisasjon som lege med erfaring frå og god kjennskap til helse- og omsorgstenestene, gjerne spesialist i eller under spesialisering i psykiatri eller annan sjukehusspesialitet
  • erfaring frå, eller god forståing for offentleg forvaltning
  • kunnskap om helse- og velferdstenestene

Personlege eigenskapar
  • god arbeidskapasitet
  • gode samarbeidsevner og vere innstilt på å samarbeide nært med kollegaer
  • kunne grunngje og kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte
  • sjølvstendig arbeid
  • fullføre oppgåver innan dei fristane som er sett
Evne til fleksibilitet og omstillingsevne blir vektlagt.


Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår

Stillinga er lønna i stillingskode 0774 ass. fylkeslege, frå kr 880 000 - 1 000 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestland
Spesialisthelse
Kontaktpersoner
Navn: Helga Arianson
Tittel: Fylkeslege
Telefon: 970 33 108
E-post: fmhohar@statsforvaltaren.no
Navn: Sjur Lehmann
Tittel: Seksjonssjef
Telefon: 55 57 22 18
E-post: fmhosle@statsforvaltaren.no
Arbeidssted
Bergen
Kaigata 9
5015 BERGEN