Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Om heimelen:
Ålesund kommune har ledig ein nyoppretta heimel ved Medicalis Legesenter.
Lista er ei 0-liste under opparbeiding med listetak på 1200, noko som gir tiltreande lege rett på tidsbegrensa grunntilskot.
Pr. 01.01.21 står det 64 innbyggarar på lista.
Om legesenteret:
Medicalis Legesenter vart etablert i januar 2017 og held til i moderne lokale i Ålesund Sentrum.
Legesenteret er i dag ein to-legerspraksis i vekst. Journalsystemet er Pridok. Den einskilde lege arbeidar privat med eiga liste.
Firmaet er organisert som AS. Det er moglegheit for, men ikkje krav om å gå inn i driftsselskapet.
Vilkår vedrørande etablering av praksis ved legekontoret vert avtalt med fastlegane direkte.
Vilkår for fastlegeavtale elles gjeng fram av gjeldande forskrift, retningslinjer og tariffavtalar.
Det ligg i dag ingen kommunale oppgåve til heimelen, men etter avtale mellom lege og Ålesund kommune kan lege tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling med minimum 6. mnd. varsel.
I forbindelse med at heimelen er tilknytt 0-liste vil kommuna vere behjelpeleg med overgangsordningar under opparbeiding av liste.
Til heimelen inngår deltaking i kommunal legevaktsordning.