Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga
Vi er på jakt etter ein engasjert lege til å arbeida i eit fastlegevikariat i trivelege Alver kommune. Vi ser etter deg som er spesialist i allmennmedisin, planlegg å bli det, eller berre kan tenkje deg å arbeide som fastlege ein periode. Har du nyleg gjennomført LIS1 og tenkjer at fastlegearbeid kan vere interessant, kan dette vere eit vikariat for deg .

Om Helsetunet legekontor og Frekhaug legesenter 
Helsetunet legekontor har 2 fastlegeheimlar. Kontoret skal flytte inn i nytt helsehus i Knarvik i løpet av mars månad der mange kommunale- og spesialisthelsetenester blir samla under eitt tak. Frekhaug legesenteret ligg i Frekhaug senter. Legesenteret har i alt 6 fastlegar og 1 LIS1 lege. Det er ca 5 min køyretid mellom dei to legekontora.

Om stillinga
Vikariatet er i inntil 100% ved 2 legekontor, lokalisert til Helsetunet legekontor og Frekhaug legesenter. Legeheimlane er i utgangspunktet fastløna, men sjølvstendig næringsdrift kan avtalast. Det er ønskjeleg med snarleg oppstart. Kommunen er fleksibel i forhold til stillingsprosent, vikariatlengde og om du berre ønskjer deltidsvikariat ved eitt av legekontora.

Arbeidsoppgåver
Ved Frekhaug legesenter vil du ha ansvar for om lag 500 listepasientar fordelt på 2 kontordagar. Ved Helsetunet legekontor vil du arbeide på liste til lege som har delvis permisjon og vil utgjere 3 kontordagar. Den som vert tilsett deltek og i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt).

Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Du må vere vaktkompetent
Vi tilbyr
  • Fleksible løysingar i vikariatet
  • Eit godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta
  • Veiledning dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin
  • Løn etter avtale
Politiattest
I tråd med gjeldande lovverk vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Bente Karin Bø Taule
Telefon: +47 47459725
Arbeidssted
Knarvik og Frekhaug
5914 ISDALSTØ