Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Akutteininga og poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert og har ei breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet ved poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit småbarnsteam, akutt-ambulant team og eit spesialisert OCD-behandlingsteam. Vi har eit tett samarbeid med førstelinjetjenesta.
Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering med oppstart 01.03.2021 (eller etter nærare avtale) - 28.02.2022
Det kan bli aktuelt med forlenging av vikariatet.
Vikariatet vil kunne føre til godkjent og teljande teneste i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri.
Avdelinga vil sikre alle deler av utdanningsbetingelsane. Lege vil kunne delta i lokal og regional LIS-utdanning.
Arbeidsoppgåver
- Vi utgreier og behandlar barn og ungdom med psykiske lidingar i aldersgruppa 0-18 år.
- Legen vil vere forankra i eit generalistteam (allmennpsykiatrisk team) som vil ta del i alle delar av pasientforløpet.
- Vegleiing til samarbeidsinstansar
- Tilsettinga kan innebere deltaking i avdelinga si eksisterande vaktordning
Kvalifikasjonar
- Vi ønsker oss legar med erfaring frå psykisk helsevern innan spesialisthelsetenesta.
- Den som blir tilsett må mestre norsk språk, muntleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Har god evne og vilje til samarbeid og fleksibilitet, du må vere omgjengeleg.
- Er strukturert og samarbeidsorientert.
- Er interessert i fag- og organisasjonsutvikling. Alle tilsette blir involvert i dette.
- Har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår