Kort om arbeidsgiver

Vil du vere med på å leie det systematiske arbeidet med pasienttryggleik på Haukeland universitetssjukehus? Vil du samstundes vere assisterande fagdirektør?

Systematisk arbeid for kvalitet og pasienttryggleik er ei prioritert oppgåve for Haukeland universitetssjukehus, og Seksjon pasienttryggleik har viktige funksjonar for å stimulere til og støtte opp om dette arbeidet. Seksjonen jobbar med ulike overordna system for sjukehuset sitt arbeid med smittevern, riktig antibiotikabruk, styrande dokumentasjon, avvikssystem, klage- og tilsynssaker, systemrevisjonar, risikostyring og forbetringsprosjekt.

Seksjonen har utstrekt samarbeid med kliniske einingar, og med andre seksjonar i stabsavdelingar, og medarbeidarane i seksjonen jobbar i ulike tverrfaglege team. Seksjonen har ansvar for Regional kompetanseteneste for smittevern og Nasjonal kompetanseteneste for antibiotikabruk i spesialisthelsetenesta, og bidrar ofte til regionale og nasjonale utgreiingar og andre oppgåver innan kvalitet og pasienttryggleik.

Noverande seksjonsleiar skal over i forsking, og vi søkjer ein ny leiar med norsk autorisasjon som lege, som også vil få funksjon som assisterande fagdirektør. 

Seksjon for pasienttryggleik er ein av seks seksjonar i Forskings- og utviklingsavdelinga. Seksjonen har for tida om lag medarbeidarar med variert fagleg bakgrunn, som utgjer eit spennande og kompetent fagmiljø, vel anerkjent både ved sjukehuset, i Helse Vest og i den sentrale helseforvaltninga.

Forskings- og utviklingsavdelinga, som er leia av fagdirektøren, har oppgåver innan IKT og e-helse, utdanning av helsepersonell, forsking og innovasjon, utvikling av helsetenestene, pasienttryggleik, presteteneste og etikk, og har til saman om lag 160 medarbeidarar.

Vi søkjer ein utviklingsorientert og strategisk leiar med genuin interesse for å leggje til rette for kvalitets- og pasienttryggleiksarbeid som kan styrke pasientane si helseteneste ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest.

Som seksjonsleiar og assisterande fagdirektør vil du rapportere til fagdirektør, være del av leiargruppa ved Forskings- og utviklingsavdelinga og fungere som fagdirektør ved behov. I funksjonen som assisterande fagdirektør vil du ta del i ulike oppgåver som krev brei medisinsk-fagleg kompetanse og evne til å setje deg inn i komplekse problemstillingar.

Vi kan tilby spanande oppgåver og utfordringar, dyktige og dynamiske medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø. Du vil kome tett på toppleiinga i sjukehuset, og få ansvar for spennande utviklingspoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Ha totalansvar for Seksjon for pasienttryggleik
  • Bidra i strategisk arbeid for kvalitet og pasienttryggleik lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Bidra til at Haukeland universitetssjukehus og Helse Vest når måla sine innan kvalitet og pasienttryggleik
  • Bidra til vidareutvikling av system og verktøy for å støtte kvalitets- og pasienttryggleiksarbeidet ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest
  • Samarbeide med fagdirektøren om medisinsk-faglege oppgåver, og gje faglege råd til administrerande direktør i visse saker

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og relevant spesialitet
  • Erfaring med klinisk arbeid i sjukehus og god forståing for organiseringa av helsetenesta
  • Erfaring med nokre av arbeidsområda i seksjonen
  • Doktorgrad eller anna erfaring med forsking er ønskjeleg
  • Leiarkompetanse og erfaring med personalleiing er ønskjeleg
  • Erfaring med forvalting, forbetringsarbeid og med tverrfagleg prosjektarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring med strategi- og målarbeid
  • Relevant og godt nettverk
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Synleg, involverande og motiverande leiar som set tydeleg retning
  • Strategisk og analytisk med god organisasjonsforståing
  • Kommuniserer godt, bidrar til god samhandling og godt samarbeid
  • Har gjennomføringskraft
  • Finn fleksible og innovative løysingar på tvers av fag og einingar

Vi tilbyr

  • Ei spanande og utfordrande leiarstilling i eit levande kompetansemiljø
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Løn etter avtale
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marta Ebbing
Tittel: Fagdirektør
Telefon: 90153890
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Forskings- og utviklingsavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen