Kort om arbeidsgiver

Er du arbeidsmedisinar eller samfunnsmedisinar, og ønskjer å vere med å utvikle faget til nytte for arbeidslivet primært i hele Helseregion Vest?

A
rbeidsmedisinsk poliklinikk (AMP), Yrkesmedisinsk avdeling (YMA) ved Haukeland universitetssjukehus har ledig ein 100% overlegestilling for spesialist i arbeidsmedisin. Spesialist i samfunnsmedisin kan òg søkje stillinga. Lågare stillingsprosent kan vurderast. 

Avdelinga har ansvar for helseregion III (Rogaland og Vestland). AMP si hovudoppgåve er å påvisa og førebyggje helseeffekt/ sjukdom som skuldast
påverknadar i arbeidsmiljøet. Ved AMP er det tre overlegestillingar innan arbeidsmedisin i 100% stilling og
ein i 50% stilling, og tre stillingar for legar i
spesialsiering (LIS) i arbeidsmedisin. Dei tverrfaglege oppgåvene i AMP blir gjenspegla i at den øvrige faste staben er breitt fagleg samansett med overlegar i lungemedisin, dermatologi og nevrologi, yrkeshygienikarar og nevropsykolog. 

YMA er organisert i seks seksjonar; AMP, Seksjon for klinisk spesialallergologi med Regionalt senter for astma, allergi og annan
overfølsemd (RAAO), Seksjon for hyperbarmedisin med hyperbar
oksygenbehandling og dykkelegevakt, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin
med Radio medico, sjukepleieseksjon og merkantil seksjon.

Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester, to av dei er heilt eller delvis knytta til AMP:
Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon og Nasjonal
behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar.

Det er eit utstrakt tverrfagleg samarbeid både innad og mellom seksjonane, og
mellom seksjonane og andre relavante avdelingar både i Haukeland
universitetssjukehus og helsetenesta for øvrig.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og sekundær førebygging av arbeidsrelaterte helseplagar i poliklinikk
  • Forsking og undervising
  • Rettleiing av Legar i spesialisering
  • Sakkyndig arbeid for eksempelvis NAV og forsikringsselskap. 
  • Fag og tenesteutvikling
  • Samhandling med bedriftshelsetenesta og primærhelsetenesta i heile Helseregion Vest

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Må tilfredsstille krava i gjeldande nasjonalt regelverk for legar i spesialiteten arbeidsmedisin eller samfunnsmedisin
  • Det blir lagt vekt på forskingserfaring og avlagt Phd innan relevant fagfelt
  • Må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg i møte med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, òg under skiftande tilhøve
  • Systematisk og resultatorientert arbeidsmetode
  • Ansvarsbevisst med evne til gjennomføring Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Eit spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring 
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen