Nyoppretta fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor

Øygarden kommune søkjer etter ny fastlege for oppstart i nyoppretta fastlegeheimel ved Ågotnes legekontor.
Veldreven 5-legesenter i moderne og trivelege lokaler, Infodoc-sky journalsystem samt digital dialog via helsenorge, e-resept, elektronisk kommunikasjon med kommunale samarbeidspartnare, spesialisthelsetenesta og pasientar. 
Legesenteret er organisert som DA med internavtale. Legepraksisen inngår i eit økonomisk og fagleg fellesskap og ny heimelshaver inngår internavtale med dei andre legane før inntreden i gruppepraksisen. Det er eit godt arbeidsmiljø og kun 30 min kjøretid frå Bergen sentrum. 
 
Det er ikkje tilknytt andre kommunale legeoppgåver til heimelen. Du har moglegheit til å gå vakter ved Sotra legevakt, men det er pr i dag ikkje vaktplikt.
 
Som sjølvstendig næringsdrivande ALIS vil kommunen søkje tilskotsordning frå Helsedirektoratet. Dette innebærer utgiftsdekning på inntil kr 300.000 i spesialiseringsløpet til bl.a. praksiskompensasjon ved fråvær til kurs, ekstra veiledning og supervisjon, og andre utgifter knytta til din spesialisering for å sikra økonomisk forutsigbarhet i en oppbyggingsfase. 
Øygarden kommune gjer gode tilskotsordningar i samband med oppstart av ny fastlegeheimel. Kommunen har også gode tilskotsordningar for næringsdrivande fastlegar i samband med sjukefråvær og fråvær i samband med svangarskapsprmisjonar.
Kvalifikasjoner
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført turnusteneste/ LIS 1
  • Det stilles krav om politiattest i tråd med bestemmelser i helsepersonellova
  • Søkjarar må kunne beherska norsk skriftleg og munnleg.
  • Det blir lagt vesentleg vekt på gode samarbeidsevner og personleg egnetheit
 
Oppstart etter avtale.
   
Søknadsfrist 13.02.2021
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
(Nye) Øygarden kommune
Ågotnes legesenter
Kontaktperson
Navn: Stein-Inge Stigen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 55 09 72 26
E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Ny fastlegeheimel, Ågotnes legesenter
Arbeidssted
Ågotnes Legesenter
Skjergardsvegen 1376
5363 ÅGOTNES
Søk på stillingen