Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og trygge tenester for pasientar og brukarar. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i faglege og organisatoriske nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 300 tilsette og eit budsjett på nesten 3 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF.
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 16 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Mars 2021 flyttar vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. Rus døgn vil fortsatt vere på Tronvik. Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde.
Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forskning og utvikling. NORSE tilbakemeldingsystem er utvikla ved vår avdeling. Vi har tilsett med professorkompetanse, tilsette med doktorgrad og vi har for tida tre tilsette som held på med PhD.
Psykiatrisk klinikk har følgjande stillingar ledig:
- 4 x 100% fast stilling for lege i spesialisering, oppstartsdato snarast råd
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
- Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
- Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
- Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Søkjar må ha førerkort i klasse B
- Ferdig med LIS1 teneste. Søkjar utan LIS1, men med relevant praksis kan vurderast til vikariat
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips
- Vi dekker flyttekostnadar
- Etter nærare avtale kan vi vere behjelpelig med å skaffe bustad og dekke utgifter til bustad for inntil eit år for søkjer som er kvalifisert til å starte som LIS3
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Språk