Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi søker dyktige gynekologar til Kristiansund sjukehus som kan vere med i teamet som skal ta imot over 700 barn i året i Nordmøre og Romsdal. Utover obstetrikk har vi også eit godt poliklinisk- og kirurgisk tilbod ved sjukehuset.
Du vil også bli ein del av et større fagmijø i Helse Møre og Romsdal. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling og hospitering.
I 2024 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset. I fødeseksjonen er det planlagt tre fødestuer med moglegheit for utviding av fødekapasiteten. Arbeidsoppgavene vil vere knytt til obstetrikk, poliklinikk og kirurgisk aktivitet. Du blir del av fleire dedikerte tilsette, eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard kor det jobbast godt i team.
Søknadene blir vurdert fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege, vere godkjent spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar,
samt mestre norsk/skandinavisk språk for skriftleg og muntleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
- I tillegg til formell kompetanse vil det å vere personleg egna for stillinga bli lagt vekt på ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Eit godt fagleg miljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innan faget.
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn og betingelsar etter avtale
- Gode vaktordningar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår