Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Det er ledig 1 x 100% stilling som overlege/psykiater ved Akutt psykisk helse Ålesund. Oppstart etter avtale.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 5 seksjonar: Akutt psykisk helse, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling,
Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering. Akutt psykisk helse har 12
døgnplassar. Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg
psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne
samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. Seksjonen er delt i to team, A
og B.
Arbeidsstad i vakre Ålesund med flott natur og eit rikt kulturliv.
For meir informasjon om Ålesund: https://www.visitalesund.com/
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering av mennesker i akutt krise
- Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfaglig samarbeid
- Individualterapi og pårørandesamtalar
- Deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer psykiatere med erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
- Det er ynskjeleg med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innen vaksenpsykiatrien
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ein person som er nytenkjande og endringsorientert
- Gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- Miljøskapar der det faglege- og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
- Vere ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Interesse for forbetringsarbeid/forskning innan akuttpsykiatri vektleggjast
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår