Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga og arbeidsoppgåvene
Suldal kommune har ledig en 100% stilling som fastlege f.o.m. 01.04.20 eller snarast.

Me har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø og kan tilby gode arbeids- og lønsforhold. Det er mykje tverrfagleg samarbeid med heimesjukepleie, sjukeheimen, kreftkoordinator, fysioterapi og spesialisthelseteneste. 

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er vanleg allmennpraksis, deltaking i legevakt og kommunale oppgåver.

Tverrfagleg arbeid er sentral for oss og legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og 
Frisklivssentral. Suldal sjukeheim, heimetenesta med bestillarkontor og psykisk helse ligg òg i nær tilknytting til 
legekontoret.

Det øvre listetaket for pasientar er 730. Suldal har tilsett seks legar og LIS1, og er ALIS Vest-kommune og legg til rette for spesialisering. Kommunen er eige legevaktdistrikt med 6-delt vakt. Deltaking i legevakt er obligatorisk.

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Det er ønskeleg med erfaring innan allmennmedisin og frå legevakt. Det er venta at søkjaren har gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg, har kjennskap til norsk helsevesen og være kvalifisert til å starte på spesialisering innan allmennmedisin. Søkjar må og ha norsk autorisasjon og gjennomført LIS1.

Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.

Legekontoret kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning, og det er gå-avstand til jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Helse
Kontaktpersoner
Navn: Adriaan van Ruiven
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 5279 2318 / 454 22 697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Navn: Harald Bjarne Hellesen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 911 67 506 / 5279 2300
E-post: harald.bjarne.hellesen@suldal.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Sand - Suldal legekontor
Eidsvegen 3
4230 SAND
Søk på stillingen