Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig to vikariat i 12 månader og eit i 9 månader for lege i spesialisering i Hjartesjukdommar. Den som vert tilsett tar del i primævaktordning for Hjarteavdelinga.

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv høgspesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område: Ikkje-invasiv biletdiagnostikk, invasiv koronardiagnostikk/terapi og perkutane ventilimplantasjonar, toraks-kirurgi, intensiv- og overvakingsmedisin, pacemaker-, ICD- og CRT behandling, hjartesviktpoliklinikk, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Medisinsk utvikling er framtredande, og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteavdelinga har to store sengepostar, ei intensiv- og overvakingseining, ein stor torakskirurgisk post, eiga pacemaker-operasjonsstove, fire torakskirurgiske operasjonsstover medrekna hybridstove, tre laboratorium for koronar angiografi/PCI, to elektrofysiologilaboratorier og fleire spesialpoliklinikkar.

Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. 

Arbeidsoppgåver

  • Primærvakt for Hjarteavdelinga
  • Poliklinikk
  • Visittgang og postdrift
  • Opplæring og deltaking i ulike kardiologiske prosedyrar
  • Undervising
  • Forsking/kvalitetssikring

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i hjartesjukdommar
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan kardiologi og ønskje om å bli kardiolog
  • Søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
  • Evne til å syne trivsel i eit aktivt og endringsorientert miljø
  • Interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Løn i tråd med tariffavtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Eivind Solheim
Tittel: Overlege
Telefon: 55976736
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hjarteavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsvegen 22
5021 Bergen
Søk på stillingen