Kort om arbeidsgiver

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, på Stord, i Haugesund og på Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du følge linken www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Haugesund sjukehus har ledig ein fast stilling som overlege i kardiologi frå april 2021, tidspunkt kan evt endrast etter avtale.

Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkl. barn og nyfødd), kirurgi (inkl. føde/gyn og fertilitet), psykisk helsevern og medisinsk service (inkl.radiologi, klinisk kjemi og patologi). Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nefrologi, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi og geriatri. Det er og nyleg søkt om godkjenning innan blodsjukdommar.
Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar.

Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga som igjen er ein del av medisinsk klinikk. Det er pr i dag 16 sengeplassar som er regna under fagområdet kardiologi, derav 6 sengeplasser regna til medisinsk intermediær overvaking (MIO). Totalt sett dekker seksjonen det aller meste av fagfelta innan hjartesjukdomar unntatt invasiv kardiologi og andre spesialiserte undersøkingar. Eininga har ansvar for innlegging av pacemaker i Helse-Fonna.

Det er stor aktivitet ved kardiologisk poliklinikk som har ansvar for utreiing og oppfølging av pasientar med hjartesjukdomar i regionen. Det er nyleg etablert hastepoliklinikk for å gje raskare forløp for pasientar med mistanke om koronarsjukdom. Det er eit godt fagleg miljø innanfor fagområdet kardiologi. Det er totalt 5 overlegestillingar der 4 av desse er besett av erfarne kardiologar. Det er fleire legar  i utdanning innan indremedisin og kardiologi. Det er tett samarbeid med spesialsjukepleiarar innan kardiologi og intensiv. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vera del av stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • Vaktarbeid. Dagteneste på hjartepost/MIO og i kardiologisk poliklinikk.
  • Overlegane går pr i dag 15-delt vakt i felles indremedisinsk vaktlag.
  • Samarbeid på tvers av avdelingar og tverrfaglege yrkesgrupper. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein overlege som er godkjend spesialist i indremedisin og kardiologi.
  • Legar som er i utdanning og kan få spesialistgodkjenning innan 1-2 år er velkomne til å søkje.

    Personlege eigenskapar

    • Vi søkjer ein overlege i hjartesjukdommar som ønsker å arbeide tett på pasientane og utvikle faget i eit godt kollegialt miljø.
    • Du har engasjement for fagfeltetet /pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din.
    • Du kommuniser og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
    • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeidar målretta og strukturert.
    • Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.
    • Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

     

    Vi tilbyr

    • Høgt fagleg nivå med rom for ytterlegare fagleg utvikling.
    • Ein aktivt avdeling med spanande og utfordrande oppgåver.
    • Godt arbeidsmiljø.
    • Legger til rette for og prioriterer forskning og utvikling.
    • Avdelinga har organisert internundervisning i hjartesjukdommar og klinikken i indremedisin.
    • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale. 

     

    Andre opplysningar

    • Reiseaktivitet: Ingen reiseverksemd til andre sjukehus er påkrevd
    Stillingskategori
    Overlege/spesialist
    Arbeidsgiver
    Helse Fonna
    Kontaktperson
    Navn: Eva Karin Schmidt
    Tittel: Avdelingsleiar
    Telefon: 45223879
    E-post: eva.karin.schmidt@helse-fonna.no
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Hjerte leger Hgsd, Helse Fonna HF
    Karmsundgata 120
    5528 Haugesund
    Søk på stillingen