Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Gastrokirurgisk avdeling, har ledig to vikariat for LIS2/3 med oppstart etter nærare avtale. Vikariata er for 1 år og kan telje som del av spesialistutdanninga.

Kirurgisk klinikk har eit tilbod innan kirurgi til pasientar med alminnelege lidingar og til pasientar med meir kompliserte tilstandar. Pasientane våre kjem frå lokal- og regionalområdet i Helse Vest. Brannskadepasientar kjem frå heile landet.

Det er 5 avdelingar i Kirurgisk klinikk:
Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
Avdeling for gastrokirurgi
Avdeling for karkirurgi
Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
Avdeling for urologi

Gastrokirurgisk avdeling har regionsfunksjon for øsofagus- og ventrikkelcancer, sentralisert funksjon for pancreas- og
leverkirurgi. Cololorectal profilområde med spesifikt fokus på rektumcanser,
avansert coloncancer og inflammatoriske tarmsjukdomar, i tillegg bekkenbunnsincufficiens med særskilt vekt på proktologi. Avdelinga deltek også i den mulitidisiplinære behandlinga av pasientar i sarkomgruppa.

Avdeling for gastrokirurgi har eit samarbeid innan utdanning med Voss sjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. ØH-pasientane vert behandla i Mottaksklinikken og gastrokirurgiske legar har ei viktig rolle der. Legar i spesialisering deltar i rotasjon med tilstadesvakt. Det er for tida fire vaktsjikt; LIS1 og tre sjikt lege i spesialisering. I arbeidet som LIS inngår visitt, administrative legeoppgåver, poliklinikk og operasjonar. Undervisning og forsking er viktige oppgåver i avdelinga.

Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg.

Arbeidsoppgåver

  •  Deltaking i den til eikvar tid gjeldande vaktordning
  •  Ein viser for øvrig til utdanningsplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3-stilling i gastrokirurgi
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Erfaring frå generell kirurgi
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Er ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Kan prioritere når situasjonen krev det
  • Har respekt for den enkelte pasient og kollega
  • Har gode kommunikasjonseevner
  • Er løysingsorientert 
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er lojal og trivast med tverrfagleg teamarbeid
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode moglegheiter for å få fylt operasjonslista for deg som har noko kirurgisk erfaring/god operasjonsteknisk praksis
  • Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sjukehuset har 4 barnehagar og moglegheiter for sjukehusbustad
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bjørg Furnes
Tittel: Seksjonsoverlege CRA
Telefon: 55976456
E-post: bjorg.furnes@helse-bergen.no
Navn: Kim Waardal
Tittel: Seksjonsoverlege ØVD
Telefon: 55972778
E-post: kim.waardal@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen