Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer etter ein avdelingsdirektør som ønskjer å leie ei avdeling med høg aktivitet og fokus på forbetring innan pasientbehandling og gode arbeidsprosessar
 
Augeavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus er ei spesialavdeling med god breidde av oppgåver frå utgreiing til behandling av alle augelidingar hos både barn og vaksne.

Augeavdelinga er ei avdeling i vekst med eit årsbudsjett på 48 millionar kroner og 106 årsverk. Som avdelingsdirektør for Augeavdelinga vi du leie dyktige og engasjerte fagfolk og du evner å setje i verk tiltak og prosessar gjennom godt samarbeid, eit solid forbetringsperspektiv og handlekraft.
 
Om Augeavdelinga
Avdelinga har fleirregional behandlingsteneste innan behandling av kreft i auget (episkleral brachyterapi) og vi har stor breidde i aktiviteten vår; både medisinsk og kirurgisk behandling, planlagd og augeblikkeleg hjelp. Augeavdelinga er lokalisert i eige bygg på Haukeland universitetssjukehus sitt område.

Det er 5 einingar i avdelinga; eining for kontor, eining for legar, eining for poliklinikk og dagkirurgi, eining for operasjon og vi har felles sengepost med Hovud-Hals klinikken som held til nord i Sentralblokka.

Augeavdelinga er opptatt av god samhandling med andre einingar på sjukehuset. Som avdelingsdirektør legg du til rette for god pasientbehandling, utvikling av fag og gode arbeidsprosessar saman med resten av Haukeland universitetssjukehus. Andre viktige samarbeidspartnarar er fastlegar, avtalespesialistar og andre augeavdelingar i Helse Vest. I tillegg til statlege, kommunale og fylkeskommunale aktørar og interesseorganisasjonar.
 
Du er ein leiar som ønskjer å vidareutvikle avdelinga mot framtida.

Som leiar for Augeavdelinga må du forstå balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling. Som direktør for Augeavdelinga vil du rapportere til administrerande direktør og være ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt 
  • Skape engasjement mellom medarbeidarane for kontinuerleg å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
  • Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering. Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for pasientens helseteneste
  • Samarbeide tett med andre einingar på sjukehuset
  • Samhandle med primærhelsetenesta, universitet og høgskular
  • Sikre koordinering av den daglege drifta, god kvalitet og medisinsk prioritering, innanfor tildelte rammar
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvarfor at føretaket når sine mål

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg eller medisinsk høgare utdanning
  • God og relevant leiarerfaring og leiarutdanning 
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
  • Erfaring med mål- og strategiarbeid
  • Erfaring frå resultatoppfølging
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

  • Handlekraftig, inspirerande og inkluderande
  • God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne
  • Heilskapleg og samfunnsmessig forståing
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Robust
  • Vise sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balansere refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste
  • pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Tove Huse Bjerkevoll
Tittel: Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon: 48073834
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus
Haukelandsveien 22
5021 Bergen