Kort om arbeidsgiver
Hyllestad kommune har ledig stilling som fastlege frå medio mars, alternativ oppstart etter nærare avtale.

Hyllestad kommune kan tilby fastlegestilling for spesialist i allmenmedisin eller deg som skal starte på/er i eti spesialiseringsløp.  Vi er tilknytta prosjektet ALIS-vest.

Arbeidsoppgåver
Vanlege legeoppgåver knytt til praksisen og offentleg teneste.
Listetak per no er 600 pasientar.
Legevakt i interkommunalt legevaktsamarbeid.

Hyllestad kommune er med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 andre kommunar.  Legevakta er lokalisert i Førde, der ein har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral.  Legevakta er 18-delt og fastløna, og på eigen avtale med IKL:  Vi tilbyr fri etter nattevakt i legevakta før lokal dagvakt.

Kvalifikasjonar
Vi ser etter nokon som ønskjer å bidra til ei stabil legeteneste i kommunen - og som er spesialist i allmennmedisin eller ønskjer å spesialisere seg til det.
Søkjarar med utdanning frå andre land bør ha gjennomført turnustenesta og ha refusjonsrett hos Helfo.
Norsk autorisasjon som lege.
Personlege eigenskapar, erfaringar og kommunikasjonsferdigheiter vil bli vektlagt ved tilsetting.  
Tilfredsstillande helse- og politiattest må visast fram før tiltreding i stillinga.
Førarkort klasse B.

Vi tilbyr
Gratis pasientlister - ingen oppstartskostnader.
'Fastløn eller privat praksis etter eige ønskje.
Arbeidstida og oppgåver er innretta slik at arbeidet kan utførast innforbi normal arbeidstid
God pensjonsordning i KLP om ein vel fastløn.
Gode arbeidsforhold i trivelege lokaler og flinke kollegaer.

Vel møtt som søkjar!

Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Hyllestad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Elin Garnes Solås
Tittel: Personalsjef
Telefon: 57 78 95 04
E-post: elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no
Navn: Martin Lundgård
Tittel: Kommunedirektør
Telefon: 57789502
E-post: martin.lundgard@hyllestad.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hyllestad legekontor
Lifjordvegen 7
6957 HYLLESTAD