Kort om arbeidsgiver
Hyllestad kommune har no ledig ei spennande og viktig nøkkelstilling som kommuneoverlege/fastlege.

Stillinga har oppgåver knytt til vanleg fastlegeheimel med listetak på 400 pasientar.  Som kommuneoverlege vil du ha oppgåver knytt til helsefagleg beredskap, miljøretta helsevern og medisinskfagleg rådgjeving.

Vi ser etter ein ny kommuneoverlege som har
- norsk autorisasjon som lege
- fullført turnusteneste
- er spesialist i allmennmedisin eller samfunnsmedisin, eller motivasjon for å ta slik spesialisering.  Det er ønskjeleg at vi på sikt har ein kommuneoverlege som er spesialist i samfunnsmedisin.
- gode kommunikasjonsevner i norsk, både munnleg og skriftleg
- personleg eignaheit, interesse og kunnskap vil bli vektlagt
- erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel
- tilfredsstillande politiattest må framleggast før tiltreding
- førarkort klasse B

Vi kan tilby
- fastløn, ev. legepraksis som privat praksis om ønskjeleg
- god pensjonsordning ved fastløn, medlemsskap i KLP
- deltaking i legevakt med SYS-IKL, lokaliset i Førde
- erfaren kollega, både på legesida og hjelpepersonell, gode kollegaer i tverrfagleg samarbeid
- legesenter i lyse og trivelegelokaler, velutstyrt laboratorium

Vel møtt som søkjar i Hyllestad kommune!
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Hyllestad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Elin Garnes Solås
Tittel: Personalsjef
Telefon: 57 78 95 04
E-post: elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no
Navn: Martin Lundgård
Tittel: Kommunedirektør
Telefon: 57789502
E-post: martin.lundgard@hyllestad.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Lifjordvegen 7
6957 HYLLESTAD