Kort om arbeidsgiver
Radiologisk avdeling har ca 300 flinke og engasjerte medarbeidarar og ei moderne utstyrspark. Avdelinga nyttar Sectra PACS/RIS. Radiologane er delt inn i 7 seksjonar og det er 20 LIS i radiologi i avdelinga. Vi jobbar tett opp mot våre kliniske samarbeidspartnarar med regelbundne demonstrasjonar og MDT møte. Arbeidsoppgåvane er varierte og utfordrande og omfattar utgreiing og kontrollar av akutte og kroniske sjukdomar. Vi legg vekt på eit godt miljø på seksjonen , med fleksibilitet og eit godt samarbeid oss imellom for å løyse dei oppgåvene seksjonane har tildelt. 

Avdelinga har eit aktivt forskingsmiljø, og det er gode moglegheiter for å drive eigen forsking. Senter for nukleærmedisin og PET er ei integrert eining i Radiologisk avdeling og det er eit tett samarbeid mellom nukleærmedisinar og radiolog innan hybriddiagnostikk. Ein av våre faste radiologar skal inn i nye oppgåver og vi har ledig eit vikariat som overlege innan gastroenterologisk og onkologisk radiologi, med mogleg forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsarbeid som planlegging, gjennomføring og tolking av undersøkingar i fagfeltet gastroenterologisk og onkologisk radiologi
  • Deltaking i demonstrasjonar og MDT møte
  • Ultralydverksemd, prosedyrar i gjennomlysing og enklare intervensjonar
  • Vaktarbeid, for tida i 16-delt generell bakvakt
  • Rettleiing av LIS legane i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon og vere godkjend norsk spesialist i radiologi
  • Erfaring og interesse for fagfeltet vil telje positivt for søknaden
  • Søkjar må ha gode kunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon  

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer personar med ei positiv innstilling og fagleg engasjement
  • Gode evner til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utgreiing og behandling

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kari Løhre Kuvås
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55972865
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen