Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Er du (eller blir du snart) spesialist i nevrologi og har stor interesse for faget? Haugesund sjukehus har nå ledig 1-års vikariat som overlege ved Nevrologisk Avdeling.
Nevrologisk seksjon er organisert som ei eiga eining i medisinsk klinikk, saman med indremedisinske seksjonar, akutt mottak, habilitering og pediatri.
Seksjonen har poliklinikk, nevfrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 9 senger til generell nevrologi og 6 senger til slagpost. På poliklinikken har vi generell poliklinikk og tverrfagleg spesialpoliklinikk for de ulike pasientgruppene. Sjukehuset har ein aktiv forskingsavdeling og ein radiologisk avdeling med blandt anna MR og DATscan.
I seksjonen har vi for tida sju overlegestillingar og åtte LIS 3stillingar og vi er i stadig utvikling. Vi har et godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid med andre avdelingar ved sjukehuset. Vi har godt samarbeid med dei andre nevrologisk avdelingar i Helse vest og deltar i flere studiar.
Haugesund har mykje å tilby innbyggarane sine . Byen har eit rikt kulturliv, og gode moglegheiter for friluftsaktiviteter både til sjøs og til fjells.
Vi ser fram til din søknad.
Arbeidsoppgåver
- Overlege jobbar saman med LIS på sengepost og har eigen poliklinikk
- Undervisning og veiledning av LIS
- Det er for tiden 6-delt vakt for overlegane, med aktiv vakt fram til kl 2000 og døgnkontinuerlig tilstedevakt for LIS
- Dersom søkjaren har godkjenning som nevrofysiolog kan det bli aktuelt med nevrolog-/nevrofysiolog stilling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som nevrolog er eit krav
- Det er et krav at søkjaren meistrar norsk eller anna skandinavisk språk godt, skriftleg og munnleg
- Kandidatar som snart er ferdig som spesialist og kan konstitueras, er også velkomne til å søka
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein entusiastisk og omgjengeleg nevrolog som vil bidra til videre utvikling av avdelingen
- Du har god motivasjon og interesse for fagfeltet
- Høg arbeidskapasitet
- Fokus på kvalitet
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Arbeids- og lønnsvilkår blir avtalt på grunnlag av gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Sjukehuset kan hjelpa til med å skaffa personalbustad
- Aktivt og trivelig arbeidsmiljø
- Deltidstilling kan drøftas om ønskelig