Kort om arbeidsgiver
Er du arbeidsmedisinar med interesse for næringslivet langs kysten inkludert dykke- og maritim medisin?

Yrkesmedisinsk avdeling (YMA) ved Haukeland universitetssjukehus har ledig ein 100% overlegestilling for spesialist i arbeidsmedisin ved
Arbeidsmedisinsk poliklinikk (AMP). Vi søkjer primært overlege for 100% stilling,
men noko lågare stilling kan diskuterast. Lege som blir ferdig med
spesialistutdanninga i arbeidsmedisin innan rimeleg tid kan og søkje stillinga.

Avdelinga har ansvar for helseregion III (Rogaland og Vestland). AMP si hovudoppgåve er å påvisa og førebyggje helseeffekt/ sjukdom som skuldast
påverknader i arbeidsmiljøet. Ved AMP er det tre overlegestillingar i 100% og
ein i 50% innan arbeidsmedisin, og tre stillingar for legar i
spesialsiering (LIS) i arbeidsmedisin. Den faste staben ved Arbeidsmedisinsk
poliklinikk er breitt fagleg samansett med overlegar (arbeidsmedisin,
lungemedisin, dermatologi og nevrologi), yrkeshygienikarar og nevropsykolog.
 
YMA er organisert i seks seksjonar; AMP, Seksjon for klinisk spesialallergologi med Regionalt senter for astma, allergi og annan
overfølsomhet (RAAO), Seksjon for hyperbarmedisin med hyperbar
oksygenbehandling og dykkelegevakt, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin
med Radio medico, sjukepleieseksjon og merkantil seksjon. Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester, to av dei er heilt eller delvis knytta til AMP:
Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon og Nasjonal
behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar.

Det er eit utstrakt tverrfagleg samarbeid både innan og mellom seksjonane, og
mellom seksjonane og andre relavante avdelingar både i Haukeland
universitetssjukehus og helsetenesta for øvrig.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og sekundær førebygging av arbeidsrelaterte helseplagar i poliklinikk
  • Sakkunnig arbeid for eksempel NAV og forsikringsselskap
  • Rettleiing av LIS
  • Fag- og tenesteutvikling
  • Forsking og undervising
  • Samhandling med bedriftshelseteneste og primærhelseteneste

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Må tilfredsstille krava i gjeldande nasjonalt regelverk for legar i spesialiteten arbeidsmedisin
  • Det blir lagt vekt på forskingserfaring og avlagt Phd innan relevant fagfelt
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå arbeidsmedisinsk institusjonsavdeling
  • Må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne            

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg i møte med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande tilhøve
  • Ansvarsbevisst, systematisk og resultatorientert arbeidsmetode
  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Eit spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring 
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen