Kort om arbeidsgiver
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.
I samband med at legesenteret i Sykkylven vert kommunalt frå 01.07.2021, søkjer vi etter ein dyktig spesialist innan allmenmedisin, som vil vere med å styrke legetenesta og helsetilbodet til innbyggarane.
Vi søkjer ein fastlege som vil bidra til å skape ein god og attraktiv arbeidsstad, med eit sterkt fagmiljø. Kommunen legger til rette for fleksibel driftsform: næringsdrivande eller kommunal tilsetting. Stillinga/heimelen har i utgangspunktet 1000 listepasientar.
Arbeidsstad
Legesenteret er lokalisert sentralt i Sykkylven. Senteret er godt utstyrt, har eige laboratorium og nyttar CGM Allmenn journalsystem.
Kommunen har eit mål om å ha 8 legestillingar og LIS1 lege. Det er eit stabilt og kompetent hjelpepersonell ved legekontoret.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du sender elektronisk søknad.
Vi ønskjer at det vert oppgitt minst to referansar i søknaden. Attestar og vitnemål kan leggast ved søknaden, og må leggast fram ved evt intervju.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis ved legesenter med legevakt og evt. offentlege allmennmedisinske oppgåver.
Etter 30.06.2021 er vidare organisering av legevakt uavklara, men vi arbeider med å få til låg vaktbelastning
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
- Fullført spesialistutdanning i allmennmedisin
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer tolmodige og empatiske fastlegar som har stor respekt for pasientane, og deira rettar og
behov.
- Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons - og framstillingsevner
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Gode lønnsvilkår
- Høve til å bidra til å bygge opp eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
-Obligatorisk tenestepensjonsordning
-Gunstige låneordningar
-Gode forsikringsordningar
Når det gjeld næringsdrivande vil avtaleheimelen og tildelingsprosessen verte regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner, avtaleverk og lokale avtalar (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 44301, kommuneavtalen SFS 2305 og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen).