Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Lyst å samarbeide med oss for å betre kvardagen til barn og unge?
I Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda er delt inn i 3 tverrfaglege, geografiske team som gir tilbod om utgreiing og behandling til barn og unge i alderen 0-18 år.
Ved poliklinikken er det etablert småbarnsteam, akutt ambulant team, familieteam, traumeteam, samt at det er etablert OCD-team på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda.
Ledig vikariat for lege i spesialisering i 100% med oppstart etter avtale . Periode 1. år fra oppstartsdato.
Arbeidsoppgåver
- Inngå som medlem i tverrfagleg generalist-team
- Delta i utgreiings- og behandlingsoppgåver som er knytta til tilviste pasientar og pårørande
- Delta i samarbeidsmøter i lag med lokale samarbeidspartar
- Tilby råd og rettleiing til lokale samarbeidspartar
- Oppsummert vert det venta at legen deltek i alle delar av pasientforløpet
Kvalifikasjonar
- Legar som har erfaring frå allmennpraksis og som er i behov for eitt års praksis frå spesialisthelsetenesta, vert særleg oppmoda om å søke
- Den som vert tilsett må meistre norsk språk munnleg og skriftleg
- Norsk autorisasjon som lege
- Det vert krevd framlegging av politiattest før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Ved tilsetting vil det verte lagt vekt på personleg dugleik, og på evne og vilje til samarbeid
- Tilsette vert kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling og må trivast med dette
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag
- Grunna utadretta arbeid er det ynskjeleg med sertifikat for bil
Vi tilbyr
- Eit fagfelt i rivande utvikling
- Spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg utviklings- og læringsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår