Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Det er ledig 2 faste 100 % stillingar for spesialist i vaksenpsykiatri.
Begge stillingane er knytta til våre allmennteam, den eine med ein funksjon også opp mot vårt ambulant akutteam.
Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar.
Poliklinikk psykisk helse og Seksjon for ambulante tenester DPS Molde, ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal.
Poliklinikk for psykisk helse består av følgjande team: To allmennteam, gruppeteam, ROP-team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 - dagars team (B4DT), og eit merkantilt team. Poliklinikken har også tilbodet "HelseIArbeid ".
Poliklinikken har 40 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, psykomotorisk fysioterapeut, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.
Allmennteama er breitt sammensett av omsyn til utdanning og fagleg orientering. Etter tilvising frå primærhelsetenesta gir teama tilbod om utgreiing og behandling av personar over 18 år.
Ambulant akutteam (AAT) er eit tverrfagleg behandlingstilbod der ein gir akutt psykisk helsehjelp til personar over 18 år. AAT gir tilbod om rask vurdering og korttidsbehandling for menneske med psykiske lidingar, ev. i kombinasjon med rusmiddelproblem, som ikkje kan takast hand om av kommunehelsetenesta eller andre deler av spesialisthelsetenesta.
Geografisk ligg vi midt i smørauget i Norge. Molde er rosenes og jazzens by og eit eldorado når det gjelder alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Byen har mange kulturelle tilbod, bla. teater og jazzklubb. Molde by fornyar seg med bla. ny sjøfront og fleire spennande kafe` og spisestadar. For meir informasjon om Molde: https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/molde/
Sjå video av Molde og Romsdalen
Arbeidsoppgåver
- Avklaring, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i allmennteam
- Delta i vurderingar og oppgåver i tverrfagleg akuttteam (den eine stilliga)
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Samhandling med kommunale tenester og samarbeid med andre seksjonar i klinikken
- Deltaking i kvalitetsforbetringssarbeid
- Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og legar i spesialisering
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter spesialist i psykiatri
- Det er ønskeleg med brei klinisk erfaring
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
- Ein vil legge vekt på gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
- Den som blir tilsett må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige lønsvilkår etter gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit dynamisk fag- og forskingsmiljø som viser ansvar og evne til å realisere mål
- Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
- Tilgang til internundervisning og kompetansegrupper
- Eit godt kollegialt miljø og etablert rettleiingsordning/-tilbod for overlegane, både i gruppe og individuelt
- Utvikling av terapikompetanse med bla. tilrettelegging av terapiutdanningar
- Mogleg å delta i gruppebehandling
- Drive eigne terapiforløp
- Låg vaktbelastning
- Stor grad av sjølvstendigheit
- Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar
- Moglegheit for tenestebustad (rimeleg) for ein periode
- Ferie stort sett etter behov
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- En arbeidsplass som er en inkluderande verksemd