Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og trygge tenester for pasientar og brukarar. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i faglege og organisatoriske nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 300 tilsette og eit budsjett på nesten 3 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF.
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har i tillegg akuttpost med ØH plikt, vaksenhabilitering Psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Mars 2021 flyttar vi inn i nytt bygg i Førde der vi får 2 distriktpsykiatriske sengepostar, akuttpost med ØH plikt, tryggleikspost og poliklinikk. Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
- Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
- Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
- Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Søkjar må ha førerkort i klasse B
- Ferdig med LIS1 teneste. Søkjar utan LIS1, men med relevant praksis kan vurderast til vikariat
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips
- Vi dekker flyttekostnadar
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Språk