Ved Rosendal helsesenter arbeider i dag fem fastlegar og ein LiS i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 4 050 pasientar, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er sjølvstendig næringsdrift i eit felles AS for drift og investering. Alle fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per 1200 listepasientar. Helsesenteret har eige laboratorium og bioingeniør i 80 % stilling.
 
Det er ein lege som sluttar i stillinga og vi søker etter engasjert lege til ledig heimel med listetak på 900 pasientar i veldrevet praksis der same lege har drive praksisen 22 år.
Det kviler «goodwill» til heimelen. Det blir derfor føresett semje med noverande fastlege om økonomiske vilkår jf. ASA 4310 punkt 5.6. Heimel ledig frå 01.12.2020 og det er moglegheiter for oppstart etter avtale.
 
Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt. Stillinga inneber deltaking i legevaktordning.
 
For stillinga søkjer vi lege som har:
  • norsk autorisasjon
  • fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under spesialisering eller ferdig spesialist
  • svært gode norskkunnskapar
  • gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
 
Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge vil verta vektlagt. Søkjar må ha førerkort for bil.
 
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.
 
Generell informasjon
Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter og har barnehagar, grunnskule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
 
Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste, alle med private avtaleheimlar. I tillegg har kommunen ein stilling for LiS1, to sjukeheimslegar i totalt 120% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 - 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.
 
Vaktordninga er for tida 11-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen. Ambulansetenesten høyrer til i Helse Fonna og Stord og Odda er lokalsjukehus med ØH-funksjon.
 
Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Organisert smågruppetrening gjev teljande poeng for spesialisering og vedlikehald for spesialistar i allmennmedisin.
 
Kommunen har etablert ein frisklivsentral og har tilsett folkehelsekoordinator.
 
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
Daglig leiar og fastlege ved Rosendal helsesenter Trygve Torjusen tlf. 901 84 194
trygve.torjusen@kvinnherad.kommune.no
 
kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308
glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
 
einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055
irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
 
praksisinnehavar Birgit Zimmermann birgit@knett.no
 
Søknadsfrist: 10.01.2021
Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Trygve Torjusen
Tittel: Fastlege v/ Rosendal helsesenter
Telefon: 901 84 194
E-post: trygve.torjusen@kvinnherad.kommune.no
Navn: Glenn A. Opland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 977 09 308
E-post: glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Navn: Irina Zimina
Tittel: Einingsleier
Telefon: 488 94 055
E-post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Arbeidssted
Rosendalsvegen 10
5470 ROSENDAL