Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
BUP Haugesund ligg i Haugesund sentrum. Ein by med over 40 000 innbyggjarar, internasjonal lufthavn, vakker natur og fleire store kulturfestivalar. Nærregionen har rundt 180.000 innbyggarar. Norges nest største by, Bergen, når du med bil eller offentleg transport på under 3 timar, medan Stavanger, Norges tredje største by, bare er 90 minuttar unna.
BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Vi har to poliklinikkar og en døgneining. Døgnpostane har akuttfunksjonar og dekkjer heile opptaksområdet til Helse Fonna. BUP Haugesund har akuttfunksjonen og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri og har avtale med både vaksenprsykiatri og pediatri. Det vil seie at du kan oppnå alle læringsmålene i henhold til ny LIS 3 ordningen hos oss.
Ved BUP Haugesund søkjar vi ein entusiastisk lege som vil vere med å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna. Vi har no ledig 1 LIS3 fast stilling. LIS 1 må vera gjennomført.
I tillegg har vi et svangerskapsvikariat ledig. Søkere som venter på LIS 1 kan også bli vurdert til stillingen, men det gjøres oppmerksom på at denne stillingen i dette tilfelle ikke vil gi tellende tjeneste i henhold til spesialisering.
Vi er opptatt av barn og unges helseteneste. Sjå film om prosjektet og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Delta i vaktordning for legar.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kvalifikasjonar
- Søkjaren til LIS 3 stillinga skal ha gjennomført LIS1.
- Må ha dokumentert norsk autorisasjon
- Må har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå BUP er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
- Likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- Pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap.
- Arbeide strukturert og sjølvstendig.
- Kreativ, nytenkjande og fleksibel.
- Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Arbeid i tverrfaglege team.
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
- Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
- Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.
- Lønn etter gjeldande overeinskomst.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
Språk