Kort om arbeidsgiver
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er
HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.
Beskrivelse
Da ein av våre dyktige fastleger går av med pensjon har vi behov for å tilsette fastlege frå 01.03.2021.
Vinstra legekontor har sju fastlegeheimlar og LIS1 lege. Vi har interkommunal kommuneoverlegeordning med nabokommunar, i tillegg til sjukeheimslege. Kontoret held til i nyoppussa og moderne lokal.
Kontoret har moderne utstyr og godt kvalifisert hjelpepersonell. System-X som journalsystem. Det er faste legemøter kvar veke og elles eit godt samarbeid med øvrige kommunale tenester.
Næraste sjukehus er Lillehammer, litt over ein times kjøring unna.
Avlønings-/organiseringsform kan diskuterast. Det kan for eksempel vere aktuelt med såkalla nullavtale, evt 50 % privat heimel og 50 % fastløna stilling eller anna ordning (det kan og opnast opp for å kombinere med anna stilling). Legen som slutter har hatt eit listetak på inntil 800 pasientar.
Jfr forskrift om fastlegeordning i kommunene og rammeavtale mellom KS og DNL kan det bli aktuelt med tilplikting av nokre kommunale oppgåvar i deler av stillinga. Dette vil vi eventuelt kome attende til.
Det er pr. no tilplikta deltaking i legevaktordning med lokal legevakt for Nord-Fron og Sør-Fron kommunar på Vinstra på dagtid fram til kl. 23 for ca. 9000 innbyggjarar - ca. 3 vakter i månaden. På natt er det legevakt på Lillehammer for ca. 60 000 innbyggjarar - ca. 3 - 4 vakter i halvåret. Vi er i ferd med å sjå på endra legevaktsorganisering der vi evt inngår i eit større legevaktssamarbeid også på kveld/helg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS-1/turnusteneste.
- Gode samarbeidsevner.
- Interesse for allmennmedisin.
- Du beherskar norsk språk både munnleg og skriftleg.
Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
Vi kan tilby
- Fleksibel arbeidstidsordning og praksisorganisering med stor friheit for organisering av eigen praksis.
- Interessant arbeidsmiljø med stor grad av tverrfagleg samarbeid med ulike fagtenester i kommunen. Fokus på helhetlige pasientforløp.
- Kommunalt driftsansvar for lokalane og hjelpepersonell.
- Kommunen gir støtte til kurs og vidareutdanning.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad.
- Flyttegodtgjersle.
- Barnehageplassgaranti.
Føresetnader / vilkår
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.