Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 100 % vikarstilling for spesialist i psykiatri med god moglegheit for fast tilsetting.   

Poliklinikken har 44 stillingar, derav 8 overlegestillingar og 2 LIS. For tida arbeider poliklinikken med å utvikle det framtidige tilbodet, og vi ser på mogelegheita for å kunne spesialisere seg innan ein del arbeidsoppgåver i tillegg til det allmennpsykiatriske tilbodet. Vi er mange flinke og hyggjelege kollegaer på poliklinikken som søkjer ein ny kollega som vil vere med å utvikle poliklinikken til det beste for tilsette og pasientar i framtida.  

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS og elles i klinikken
  • Vurderingssamtalar med pasientar mtp avklaring av videre tiltak
  • Medisinvurderingar av teamets pasientar ved behov
  • Ansvar for inntak etter avtale
  • Delta i poliklinikkens utvikling av spesialiserte tilbod

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i psykiatri 
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning

Personlege eigenskapar

  • Positivt innstilt til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø som vil utvikle framtida helseteneste  
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Godt og støttande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer 
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Håvard Helgesen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70167326
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergveien 20
6017 Ålesund