
Vi har ledig vikarlegestilling på fastlegeheimel med listetak på 850 pasientar ved Gloppen legesenter frå 01.04.2021 - 31.12.2021
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer til tilsetting i LIS 3 stilling i allmennmedisin.
- Norsk autorisasjon som lege
- Ønskjeleg med gjennomført LIS 1
- Motivasjon for å bli spesialist i allmennmedisin
- Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, både skriftleg og munnleg.
Personleg eignaheit, interesse og kunnskap vil bli vektlagt. Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein stor fordel.
Vi tilbyr
- Legesenter i lyse lokaler, bygd i 2012 plassert i kommunesenteret på Sandane med utsikt over Gloppefjorden.
- Seks erfarne fastlegar i 30-40 åra som har vore på legesenteret mellom 4 og 15 år. LIS 1 lege.
- Lang erfaring med rettleiing av legar i spesialisering.
- Hjelpepersonell med 3 sjukepleiarar, 2 helsesekretærar og 1 bioingeniør - totalt 5 årsverk.
- Eit velutstyrt laboratorium.
- Fleire skiftestover.
- Godt arbeidsmiljø med felles lunsj med heile personalet, samt vekentlege legemøte.
- Godt samarbeid med den kommunale helsetenesta.
- Legevakt lokalt i Gloppen kommune. 10 delt (ca 3 vakter pr mnd). Heimevakt med i snitt 4-6 henvendingar pr vakt.
Lønns- og arbeidsvilkår:
Sjølvstendig næringsdrivande i kommunalt dreve legesenter. Nullavtale dvs at basistilskotet går direkte til kommunen og at inntekt frå takstar går direkte til legen. Kommunen kan ifølge sentrale avtalar disponere inntil 20 % i kommunal stilling.
Det blir stilt krav om tilfredsstillande politiattest.
Sjå informasjon om kommunen under. Søk også på følgjande sosiale medier: #nordfjordaktiv #gloppenertoppen #trivselsskogen #trivselshagen