Kort om arbeidsgiver

Kronstad DPS har ansvar for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune. Vi har ansvar for ca 90.000 menneske over 18 år. Kronstad DPS er ein stor klinikk delt inn i fagområda; psykose og allmennpsykiatri. Kronstad DPS tilbyr døgn,- dag,- ambulante og polikliniske tenester. Det er tett samarbeid internt i fagområde og det blir tilrettelagt for eit godt fagmiljø.

Seksjon Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk har behandlingsansvar for personar mellom 18 og 30 år med psykose. Seksjonen har eit tredelt tilbod; poliklinikk for unge med psykose, dagbehandling og gruppepoliklinikk. Vår tilnærming er recoveryorientert, og behandlingtilbodet tar
utgangspunkt i nyare evidensbaserte metodar.

Gruppepoliklinikken gir tilbod om familiesamarbeid, psykoedukasjon/IMR-grupper,
individuell jobboppfølging, fysisk aktivitet, musikkterapi
og bileteterapi. Som overlege vil du ha poliklinisk individuell pasientoppfølging for unge med førstegongs psykose, bistå i team som spesialist og medisinskfagleg ansvarleg.

Vi er ein fleirfagleg seksjon som består av overlege/psykiater, psykologspesialist/ psykolog, psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, erfaringskonsulent, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, musikkterapeut, biletterapeut og jobbspesialist. Seksjonen er godkjend for tvungen psykisk helsevern utan døgn.

Vi ønskjer nå å styrkje legekapasiteten i psykoseaksen med ei overlegestilling.

Les meir om oss

Arbeidsoppgåver

Følgjande arbeidsoppgåver er sentrale: 

  • Behandlingsansvar og utreiingsoppgåver for pasientar mellom 18 og 30 år
  • Spesialistansvar i pasientsaker og ved akutte vurderingar
  • Medikamentoppfølging 
  • Delta i team om pasientsaker
  • Oppsøkjande verksemd, det er ønskjeleg med førarkort
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta og andre instanser
  • Undervisning/rettleiing av LIS-legar, tilsette. 
  • Fleksibilitet med tanke på arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri eller i ferd med å sluttføre spesialistløpet
  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Klinisk erfaring frå psykiatri/rusfeltet og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og/eller kommunalt tenesteapparat er ønskeleg
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykose
  • Du har særs gode evne til kontaktetablering og er nettverkskyndig
  • Du har tolmod og evne til å jobbe langsiktig og samtidig kunne handtere akutte situasjonar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til god munnleg og skriftleg framstilling.
  • Det er viktig at du er engasjert i faget og trivast med å arbeide i team
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Det vil bli lagt til rette for fagleg og personleg utvikling og gjer moglegheit for å delta i innovativt pasientarbeid innan psykosebehandling
  • Høgt fagleg nivå
  • Hyggeleg arbeidsmiljø
  • Fleksibilitet i arbeidstida
  • Tilrettelegging for aktuelle kurs og kompetanseheving 

Utdanningsretning

  • Psykologi

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Line Nøkland
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55956361
Navn: Mirsad Abaza
Tittel: Fagleg ansvarleg/overlege
Telefon: 55956000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kronstad DPS, Seksjon Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen