Kort om arbeidsgiver

Vil DU jobbe hos oss?

Avdeling for medisin og døgnopphold ved Kristiansund sjukehus har ledig vikariat i 3 månader for overlege i gastroenterologi. Vi søkjer lege med generell gastromedisinsk kompetanse, oppstart etter avtale. Stillinga er eit vikariat i forbindelse med at ein av legane våre skal ut i overlegepermisjon. Det er derfor i utgangspunktet for ei periode på 3 månader, men med mogelegheit for forlenging.

Stillinga inneber arbeid på poliklinikk med IBD-pasientar, leverpasientar, pasientar med andre gastroenterologiske problemstillingar og oppfølging av infusjonspoliklinikk. Det vil òg vere behov for noko supervisjon på sengepost. Dersom det er ønskjeleg, er det mogelegheit for generelle indremedisinske vakter, men dette er ikkje eit krav. 

Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar og geriatri. Avdelinga har òg ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak. Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og nefrologi. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU. Vi har i dag 1,5 overlegestilllingar i gastroenterologi, men totalt 3 overlegar knytta til poliklinikken. I tillegg har vi i dag 2 LIS 2/3 stillingar knytta til gastroenterologi. I samband med deltaking i nasjonalt screeningsprogram for tarmkreft planlegger vi å auke med ytterlegare 1 stilling LIS 2/3. 

Derfor kjem du til Kristiansund:

  • Kristiansund er perlen på Nordmøre med naturskjønn beliggenhet ut mot havet 
  • Hyggeleg småby med eit variert utvalg kaféar og spisestader 
  • Eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år
  • Ein kort biltur unna Atlanterhavsvegen med sin spektakulære beliggenhet og fleire sjarmerande fiskevær
  • Bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, og med mogelegheit for vidare flybytte
  • Eit godt sosialt miljø 

Arbeidsoppgåver

  • Gastromedisinsk poliklinikk inkl. gastroskopi, koloskopi og andre gastroenterologiske problemstillinger
  • Supervisjon på sengepost
  • Mogelegheit for å delta i generell indremedisinsk vakt

Kvalifikasjonar

  • Norsk legeautoriasasjon 
  • God kompetanse innanfor gastroenterologi, helst spesialist i gastroenterologi
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og lærevillig  
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt 
  • Du har stor evne til å kunne arbeide tverrfagleg 

Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Heidi Vihovde Sandvig
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 450 20 305
E-post: Heidi.Vihovde.Sandvig@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund